Lokal forskrift om påslepp av olje og feitthaldig avløpsvatn og utslepp av oljehaldig avløpsvatn for Gloppen Stad og Stryn

Vedteke av Gloppen kommunestyre 15.06.2022

med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg (vass- og avløpsanleggslova), lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot ureining og om avfall (Forurensningsloven) § 7, § 9, § 18, § 73 og § 85 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av ureining (ureiningsforskrifta) §15-6 og §15A-4.

Kapittel 1 Innleiande føresegner

§ 1 Føremål 

Lokal forskrift om påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn skal sikre at olje og feitt blir fjerna ved kjelda før påslepp til kommunalt avløpsnett, og sjå til at olje- og feittutskiljarar blir drifta rett slik at dei verkar etter føremålet. Forskrifta gjeld både for påslepp til offentleg avløpsnett for olje og feitt og for utslepp av oljehaldig avløpsvatn til resipientar. 

§ 2 Teknisk grunnlag 

Tekniske krav i denne forskrifta er basert på:

  • NS-EN 858, del 1 og Del 2-2002: Utskiljarar for lette væsker, til dømes olje og bensin.
  • NS-EN 1825, del 1 og del 2: Feittutskiljarar
  • Tekniske og administrative bestemmelser, standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (KS, Kommuneforlaget AS), kapittel 3.12.

§ 3 Definisjonar

a) Avløpsnett: Transportsystem som samlar opp og fører avløpsvatn frå bustadhus eller andre bygningar med innlagt vatn
b) Den ansvarlege: Den som er ansvarleg for verksemda. Som ansvarleg reknast den som kan haldast ansvarleg, jf. ureiningslova § 7
c) Feitthaldig avløpsvatn: Avløpsvatn som inneheld vegetabilsk og/eller animalsk feitt 
d) Heimelshavar: Eigar/festar av eigedom/bygg der olje- eller feittutskiljaren er plassert 
e) Industrielt avløpsvatn: Avløpsvatn frå verksemd nytta til industrielle føremål
f) Oljehaldig avløpsvatn: Avløpsvatn som inneheld motorolje, smørjefeitt, parafin, white-spirit, bensin eller liknande
g) Overvatn: Nedbør og smeltevatn frå f.eks. vegar, plassar, terreng og takflater 
h) Påslepp: Tilførsel av avløpsvatn til offentleg avløpsnett oppstraums eit reinseanlegg 
i) Resipient: Mottakar av ureininga, til dømes sjø, vatn eller vassdrag
j) Sanitært avløpsvatn: Avløpsvatn som inneheld vegetabilsk og animalsk feitt, mellom anna avløpsvatn frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom og liknande
k) Separatsystem: Eigne leidningsnett som skil sanitært og industrielt avløpsvatn vekk frå overvatn 
l) Verksemd: Verksemd som er brukar av olje- og feittutskiljarar

Kapittel 2 Verkeområde 

§ 4 Oljeutskiljarar

Krava gjeld for verksemder som har påslepp/utslepp av oljehaldig avløpsvatn, til dømes:

  1. Bensinstasjonar
  2. Vaskehallar for køyretøy
  3. Motorverkstadar
  4. Bussterminalar
  5. Verkstadar og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner og skjenegåande materiel
  6. Anlegg for understellsbehandling som anten har vaskeplass, smørjehall, servicehall eller liknande
  7. Garasjeanlegg med tilgang til vatn og moglegheit for vask av bilar inne i garasjen

Andre verksemder som har påslepp/utslepp av oljehaldig avløpsvatn til kommunalt nett eller resipient er også omfatta av denne forskrifta. 

§ 5 Feittutskiljarar

Føresegnene gjeld for verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn, til dømes:

  1. Restaurantar
  2. Kafear/konditori/bakeri
  3. Catering/ferdigmatprodusentar
  4. Gatekjøkken/kioskar
  5. Kantiner/storkjøken
  6. Slakteri
  7. Kjøt-/fiskeforedlingsbedrift
  8. Meieri
  9. Røykeri
  10. Matbutikkar med steike-/grill-/ferskvareavdeling

Andre verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn til kommunalt nett er også omfatta av denne forskrifta.

Kapittel 3 Generelle føresegner

§ 6 Krav om løyve

Påslepp av olje- og/eller feitthaldig avløpsvatn og utslepp av oljehaldig avløpsvatn samt installering av olje- og/eller feittutskiljarar er søknadspliktige tiltak som skal godkjennast av  kommunen. Ingen verksemd kan setje i verk nye påslepp eller auke påslepp vesentleg utan at løyve er gitt i samsvar med denne forskrifta. 

Det gjeld for ny verksemd, eksisterande verksemd og ved endring av eksisterande verksemd. 

Kommunalt løyve til påslepp og utslepp av ureina avløpsvatn gjeld for den aktuelle verksemda på gitt eigedom. Verksemda er ansvarleg for at vilkåra i løyvet blir overhaldt. 

§ 7 Søknad om løyve

Ved etablering av nye eller vesentleg endring av eksisterande påslepp av olje- og/eller feitthaldig avløpsvatn eller utslepp av oljehaldig avløpsvatn, skal den ansvarlege sørge for at det er utarbeida ein skriftleg, fullstendig søknad som inneheld dei nødvendige opplysningane for kommunen sin behandling. Søknadsskjema om utsleppsløyve eller skjema om påslepp til kommunalt nett skal nyttast.  

§ 8 Behandling av søknad

Fullstendig søknad skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Fullstendig søknad om løyve til påslepp med krav som fråvik påsleppskrava eller utsleppskrava fastsett i denne forskrifta, skal avgjerast utan ugrunna opphald. 

Kommunen kan under behandling av søknaden fastsette krav som fråvik påsleppskrava eller utsleppskrava, fastsette krav til påsleppstad eller utsleppstad eller nekte etablering av påslepp og eller utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav enn dei som framgår av denne forskrifta, skal det leggast vekt på dei ureiningsmessige ulempene ved tiltaket sett i samanheng med dei fordeler og ulemper som tiltaket i tillegg vil medføre. 

Kommunen skal samordne behandlinga av søknad om påslepps- og utsleppsløyve med byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven.

Ved protestar, brukarkonfliktar eller andre særlege grunner kan kommunen varsle om utvida saksbehandlingstid.

Dersom arbeidet ikkje er sett i gang seinast tre år etter at løyve er gitt, eller dersom arbeidet blir stansa i lengre tid enn to år, fell retten til å etablere påsleppet eller utsleppet bort. Dersom utsleppet eller påsleppet framleis er aktuelt, bli det kravd innsending av ny søknad.

§ 9 Kommunen sin rett til kontroll

Kommunen skal ha uhindra tilgang til eigedomar der ureining kan oppstå eller har oppstått. Kommunen kan krevje å få lagt fram og få granske dokument og anna materiale som gjeld olje- og/eller feittutskiljaranlegga og drifta deira. Kommunen kan føre tilsyn med at krava i denne forskrifta blir overhalde.  

§ 10 Nedlegging

Dersom verksemda blir lagt ned eller opphøyrer på anna måte, skal det seinast ein månad før bli gitt skriftleg melding til kommunen. 

Olje- og feittutskiljaranlegg som permanent blir tekne ut av bruk skal tømmast, reinsast, fjernast og leverast til godkjent avfallsmottak. Dokumentasjon på utført arbeid skal leverast inn til kommunen. Avløpsleidning for utskiljaranlegget skal pluggast i forgreiningspunktet til kommunal leidning. Alle sluk som har drenert til utskiljaranlegget skal pluggast. 

§ 11. Eigarskifte

Dersom verksemda får ny eigar, skal melding sendast kommunen ein månad før eigarskifte. Eigarskifte kan medføre endringar i løyvet etter § 18 i ureiningslova. 

§ 12 Kostnadar

Dersom avløpsvatn frå verksemda fordyrar eller har uheldig verknad på drifta av kommunen sitt vass- eller avløpsnett, kan verksemda bli fakturert for kostnadane ved utbetring og/eller reparasjonar.

§ 13 Tvangsmulkt

For å sikre at føresegnene i denne forskrifta blir gjennomført, kan kommunen gjere vedtak om tvangsmulkt etter ureiningslova § 73, jf. ureiningsforskrifta § 41-6.

§ 14 Klage

Enkeltvedtak fatta med heimel i denne forskrifta, kan klagast inn til kommunen sitt klageorgan. Klagen blir sendt til den instans som har fatta vedtaket. For enkeltvedtak fatta av kommunestyret er Statsforvaltaren klageinstans. Ved handsaming av klager etter denne forskrifta gjeld reglane i forvaltningslova. 

Kapittel 4 Krav til olje- og feittutskiljarar 

§ 15 Tilknyting til avløpsnettet

§15.1 Generelt

Dersom avløps- og overvassanlegget er lagt som separatsystem, skal avløp frå utskiljarane koplast på  spillvassnettet.

For dei verksemdene som har eigne påsleppsløyve frå anten Miljødirektoratet  eller Statsforvaltaren, skal dei betraktast som uavhengig av kommunen sine krav, etter §7 i ureiningslova. Denne paragrafen kjem til bruk også for dei komponentar som ikkje er regulert av Miljødirektoratet eller Statsforvaltaren, eller dersom ny teknologi gjer det mogleg å senke påsleppet ytterlegare, innanfor rimelege kostnadar for bedrifta. 

§15.2 Oljehaldig avløpsvatn 

Oljeinnhaldet i utløpet frå oljeutskiljarane til kommunalt nett eller til resipient skal ikkje overstige 50 mg/l målt som totale oljehydrokarbon. Temperatur ut frå oljeutskiljarane skal ikkje vere over 45 °C. 

Oljehaldig avløpsvatn skal før utskiljarane passerer sandfang eller liknande reinseinnretning dimensjonerast for maksimal reell vassbelastning. 

Alkalisk reagerande oljehaldig spillvatn skal bli nøytralisert før det blir leda til utskiljaren. 

Oljehaldig avløpsvatn skal ikkje ledast til kommunen sitt overvassnett. 

§15.3 Feitthaldig avløpsvatn

Feittinnhaldet i utløpet frå feittutskilljarane skal ikkje overstige 50 mg/l, målt som totale hydrokarbon. Temperatur ut frå feittutskiljarane skal ikkje overstige 30 °C. 

Feitthaldig spillvatn som inneheld sedimenterbart materiale skal passere slamavskiljar før det går inn på feittutskiljaren. Spillvatn med raskt rotnande sedimenterbart materiale skal ikkje passere slamavskiljaren. Fjerning av grovare partiklar blir gjort med innløpsrist før feittutskiljar. Alkalisk reagerande feitthaldig spillvatn må bli nøytralisert før det blir leda til utskiljaren. 

§ 16 Sanitæravløpsvatn og overvatn 

Spillvatn frå WC og andre sanitærinstallasjonar samt overvatn skal ikkje ledast til olje- eller feittutskiljarar. 

§ 17 Krav til bruk av vaske- og avfeittingskjemikalie 

Den ansvarlege skal optimalisere kjemikaliebruk for både å redusere utslepp av ureinande eller uønska stoff, samt stoff som reduserer olje- og feittutskiljaren sin reinseeffekt. Alt innhald skal vere dokumentert miljøvennleg.  

§ 18 Utforming 

Materiale og utforming av utskiljarar skal tilfredsstille gjeldande Norsk Standard, jf. denne forskrift § 2. Det er verksemda som har ansvar for at sandfang og olje- eller feittutskiljarar, eller eventuelt anna godkjent utstyr, er dimensjonert i forhold til den belastninga som kan førekomme.

§ 19 Inspeksjons- og kontrollkum

 

Like nedstrøms for utskiljaren skal det vere ein inspeksjons- og kontrollkum som gjer det mogleg å ta prøver av avløpsvatnet. Kummen skal vere tilgjengeleg for inspeksjon til ein kvar tid. 

Kapittel 5 Krav som gjeld prøvetaking og analysar 

§ 20 Prøvetaking og analysar

§20.1 Oljeutskiljarar 

Det skal ligge til rette for å kunne hente ut representative prøver av avløpsvatn frå oljeutskiljarane. Den aktuelle verksemda skal ta ut prøve minimum to gonger i året, ein i sommar- og ein i vinterhalvåret. Dette er nødvendig for å kunne dokumentere kvaliteten av påsleppet til kommunalt nett. For anna frekvens eller dispensasjon ifrå kravet må det søkjast særskild. 

Prøvetakingspunktet må vere før vatnet frå oljeutskiljaren blandar seg med anna avløpsvatn. Prøvetaking skal skje ved normal driftssituasjon. Prøvetaking kan med fordel gjerast rett før tømming av oljeutskiljaren. Verksemda skal ha dokumentasjon på kor og korleis prøven blir henta ut. 

For større verksemder eller utskiljarar med høg belastning eller omfattande kjemikaliebruk, kan kommunen krevje at det tas ut fleire prøver. 

§20.2 Feittutskiljarar 

For feittutskiljarar skal verksemda ta prøver av temperatur, ut frå utskiljaren, ved full drift. Minimumskrav til prøvetaking er 1 gong per år. Kommunen kan stille andre krav tilpassa den einskilde verksemda. 

§20.3 Generelt 

Den ansvarlege skal fortløpande vurdere resultata frå prøvetakinga, og om nødvendig ta oppfølgjande prøver for å avklare eller dokumentere avvikande resultat. 

Kapittel 6 Krav som gjeld tømming, drift, vedlikehald, dokumentasjon og rapportering 

§ 21 Tømming

Regelmessig tømming og reingjering er avgjerande for å oppnå ønska effekt av olje- og feittutskiljaren.

§21.1  Oljeutskiljarane og oppsamlingstank for utskilt olje

skal tømmast minst ein gong per år, og elles når det måtte være nødvendig for å overhalde utsleppsløyvet. Olje som blir halde tilbake i oljeutskiljaren reknast som farleg avfall og blir omfatta av avfallsforskrifta kapittel 11. Verksemda kan søkje om mindre hyppig tømming dersom akkumulert mengde olje er mindre enn 25 mg/l over ein 3 års periode. 

§21.2 Feittutskiljarane

skal tømmast minimum ein gong per år eller før feittlaget utgjer 25% av feittutskiljaren sin kapasitet. Verksemda kan søkje om mindre hyppig tømming dersom akkumulert mengde feitt er mindre enn 25 mg/l over ein 3 års periode. 

§22 Drift og vedlikehald 

Verksemda skal ha nødvendige drift- og vedlikehaldsrutinar for å sikre at utskiljaren fungerer optimalt ut frå aktiviteten ved bedrifta. Verksemda skal til ein kvar tid ha gyldig avtale med eit godkjent firma for regelmessig tømming og kontroll av utskiljaren. Kommunen skal ha kopi av avtalen.

§23 Dokumentasjon

Tømmeoperatør skal sende inn tømmerapport for olje- og feittutskiljar til kommunen.

Ved etablering av ny utskiljar eller nytt påslepp av olje- og/eller feitthaldig avløpsvatn skal det sendast inn dokumentasjon med generelle opplysningar og teikningar som viser plassering av utskiljaren og/eller punktet for påslepp. 

§ 24 Rapportering

Årsrapport vedlagt dokumentasjon på tømming og vedlikehald samt prøvetaking og analyse, skal sendast kommunen innan 1. februar kvart år.

Kapittel 7 Beredskap mot akutt ureining 

§ 25 Førebygging av akutte utslepp

Verksemda pliktar å gjennomføre førebyggjande tiltak for å unngå, eventuelt avgrense, risikoen for akutt ureining.

Beredskapen skal stå i rimeleg forhold til sannsynlegheita for akutte, skadelege påslepp til avløpsnettet og omfanget av dei skader og ulemper som kan forårsakast. Beredskapsrutinane skal inngå i verksemda sitt internkontrollsystem for helse, miljø og sikkerheit og skal dokumenterast.

§ 26 Varslingsplikt

Dersom det som følgje av verksemda sine aktivitetar skulle oppstå akutte utslepp/påslepp, skal kommunen straks varslast. Verksemda vil vere økonomisk ansvarleg for konsekvensane av akutte utslepp.

Kapittel 8 Ikrafttreding 

§ 27 Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft 01.07.2022.