Bakgrunn for høyring
Kommunestyret i Gloppen hadde den 8. februar 2023 kommuneplanens arealdel oppe til behandling, der det vart gjort følgjande vedtak:
Kommunestyret ber kommunedirektøren varsle aktuelle motsegnsmynde om mekling på grunnlag av kommuneplanen slik den ligg føre.
Dette medfører at planen ikkje vert lagt ut på ei offentleg 3. høyring. Kommunestyret vedtok å endre arealbruk på 4 område som ikkje har vore på høyring.
Meir om områda
Areal 1 og 2 er avsett til bustadformål og er endra monaleg ved politisk behandling etter 2. høyring.
Kommunestyret vedtok 8.02.2023 å utvide bustadfeltet Høgenausen ytterlegare, heilt ut mot Leirbrekka. Gloppestad vest som låg inne som LNF spreidd bustad i 2. høyringsutkast vart endra til bustadformål og utvida opp imot E39, og ligg i planen som del av eit samla areal – Gloppestad/ Slagstad.
I samband med behandling av 3. utkast til planen vart areal 3 og 4 lagt inn.
Ingen av dei fire enkeltområda har vore ute på høyring tidlegare. I medhald av plan- og bygningslova § 11-15, vert dei difor lagt på høyring og til offentleg ettersyn i seks veker.
Konsekvensutgreiing (KU) av aktuelle område (PDF, 4 MB)
Sjå oppdaterte plandokument (arkivsak 22/246, gå til )
Har du merknad?
Eventuelle merknader og høyringsuttaler sendast til postmottak@gloppen.kommune.no eller via post til Gloppen kommune v/postmottak, Grandavegen 9, 6823 Sandane innan fristen 6. april 2023.
På grunn av vidare framdrift i arealplansaka ønskjer kommunedirektøren å legge resultatet av høyringa fram for formannskapet 19. april. Vi ber difor om å få høyringsuttaler innsendt før påske.