Holvikejekta er Gloppen sitt kulturminne

Holvikejekta er den einaste store klinkbygde jekta som er att i verda, ho vart bygd i 1881 av jektebyggar Jakob Apalset. 

Holvikejekta vart plukka ut som Gloppen sitt kulturminne i samband med kulturminneåret i 1997.

Holvikejekta vart bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane, og er den einaste store autentiske jekta som er bevart i Noreg. Som einaste fartøy av sitt slag, er ho eit viktig maritimt kulturminne både i regional, nasjonal og europeisk samanheng. 

Fram til 1906 vart ho brukt i Bergens-fart, med frakting av ved, material, tynneband og mykje meir. Den vart sett på land i 1906, og står på same staden i dag.

Nordfjordjektene var mykje større enn Sogne- og Sunnfjordjektene, og truleg er Holvikjekta den største av dei alle, med ei lengd på 20 meter, 8,6 meter brei og hadde ei mast på 26,5 meter.

Båthistorisk sett er Holvikjekta ein nasjonalskatt på linje med vikingskipa på Bygdøy, og er såleis det største klenodiet Nordfjord Folkemuseum har. Med bakgrunn i dette vart det stelt i stand ein stor fest i 2006 for å markere at det var 125 år sidan ho var bygd, og 100 år sidan ho tok sin siste tur til Bergen.  Jektespelet, som er eit spesialskrive stykke om jektefarten til Bergen, vart framført fleire gonger i Frislidlada. Det var ei flott markering ved jekta med diverse underhaldning og servering av sild og poteter. Mange lag og organisasjonar deltok, og desse var med å skape ei fin ramme kring arrangementet.

Gloppen kommune ynskjer å legge forholda best mogleg til rette for jekta. I 2006 kjøpte kommunen den private tomta og huset som er næraste nabo til jekta, og starta ei omreguleringssak som hadde som mål å kombinere frilufts- og museale føremål på ein betre måte. Denne planen vart vedteken av kommunestyret i 2008, og kommunen vil i framtida ha fokus på gjere dette området attraktivt for folk flest, med Holvikjekta som hovudattraksjonen.