Avgift/gjeldande prisar for 2021: (inkl mva)
Kr 100,- inntil 6 timar
Kr 195,- pr. døgn
Betaling:
Vipps til 519 724
Overfør direkte til konto: 3710.07.00019
Betaling kan også gjerast hos Joker Sandane (Sørstrandsvn. 9),
Betaling skal vere merka med namn og registreringsnr. til båten.
Straum
Straumtilkoblingskontakt kan utleverast frå Joker Sandane (depositum kr 200,-).
Opningstider Joker Sandane
Måndag-fredag 07-21, laurdag-søndag 09-21.
Dusj
Betalande gjester har høve til å dusje i Sandane Senter i opningstida. Kontakt personale i senteret for nøklar.
Drivstoff
STATOIL har drivstoffanlegg (diesel) i kort avstand frå gjestebrygga, på nordsida av fjorden, med kortautomat. Sandane Småbåtlag har noko lenger ute ein slipp til evt. disposisjon.
Kontaktelefon - 918 45 536.
Internett
Det er tilgong på internett frå Gjestebrygga via denne tenesta: http://www.enivest.no/privat/tenester/enivest-hotspot/
Servering, kultur og aktivitet
Aktuelle serveringsstader: Lauget kaffi og kultur, Mona Lisa, Fjæra Kafé, Gloppen Hotell, Vereide bakeri og Vaffleriet.
I kulturhuset Trivselshagen finn du mellom anna bibliotek, kultursal, kino samt nytt og moderne badeanlegg/idrettsanlegg
Nordfjord Folkemuseum ligg i gåavstand frå hamna og er også vel verdt eit besøk.
Spenst Gloppen - treningsstudio i Sandane senter, 1. etg
Flotte turar i gåavstand
Sandane har flotte tilrettelagde turstiar i gåavstand frå sentrum. Vi anbefaler å ta turen til Trivselsskogen og besøke Kjærleiksskogen, Draumekvila og dei fine sherpabygde trappene til Utsikten og Holvikfossen med Fosseteateret. Eide kultur- og natursti er eit anna triveleg og merka turområde i gåavstand frå sentrum.
For ei fullstendig oversikt over kva som skjer - sjå kultur og aktivitetskalendaren.
Sandane småbåtlag sine nettsider

Siv K Haugen