Gloppen brukar varslingsystemet Varsling 24 - klikk for alltid oppdatert informasjon
Varsling 24 Varsler via sms, e-post og talemelding til fasttelefon. Melding vert sendt ut til alle innbyggarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift. Alle einingar i eit burettslag/sameige vert også varsla. Dette krev at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse.
Systemet er integrert mot eit kartsystem som gjer at vi kan varsle alle som bur innan eit geografisk område, eller heile kommunen
Kommunen informerer innbyggarane digitalt ved hendingar der det er hensiktsmessig. Det kan være ved koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon, andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggarane.
Korleis finn vi deg?
Varsling 24 nytter ulike register for å identifisere og innhente kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i bedrifter
Privatpersonar
Informasjon om privatpersonar vert henta frå Folkeregisteret til Skattedirektoratet. Kontaktinformasjon vert henta frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet.
Oppdatering av kontaktinfo for personar
Bedrifter
Informasjon om bedrifter vert henta frå Enhetsregisteret i Brønnøysund. Ved varsling av bedrifter nyttar vi bedrifta si foretningsadresse. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå varslingsadressene som bedrifta sjølv oppgir i Altinn-portalen
Oppdatering av kontaktinfo for bedrifter
Tilleggsregisteret
Tilleggsregister kan nyttast både av privatpersonar og bedrifter som ynskjer å motta varsel på ein anna adresse enn den som står oppført i dei offentleg registra. Er du pårørende og har du eldre foreldre som ikkje har oppføring i Kontaktregisteret? Bur du på ei anna adresse enn den som står i Folkeregisteret?
Registrering av tilleggsoppføring
Matrikkel
Ved varsling av heimselshavarar (eigar av eigedom) vert informasjonen henta frå det nasjonale eigedomsregisteret "Matrikkel". Alle heimselshavarar for ein eigedom vert varsla. Dersom eigedomen er festa, er det festar som vert varsla.
Får du ikkje varsel?
Sjekk om du står i registeret!
For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Gloppen kommune, oppfordar vi om at alle sjekkar sine opplysningar.
Sjekk at din informasjon er korrekt
- Er du folkeregistrert på din adresse? sjekk her: skatteetaten.no/person/folkeregister
- Har du oppdatert din kontaktinformasjon? sjekk her: norge.no/oppdater-kontaktinformasjon
Er du registrert med feil opplysningar er det ditt ansvar å oppdatere registera
Eg har hemmelig nummer - blir eg varsla?
Varsling24 varsler ikkje til hemmelige nummer, men du kan velge å legge inn nummeret i tilleggsregisteret, og krysse av for "Hemmelig nummer"