Jodtablettar ved atomhendingar

Det er tilrådd som ein del av den generelle eigenberedskapen å ha jodtablettar lagra heime.

Jodtablettar er eit aktuelt beskyttande tiltak ved atomhendingar med utslepp av radioaktivt jod. Målgruppene er barn og  unge under 18 år, gravide og ammande sidan det er desse som har størst risiko for helseskade ved eit eventuelt utslepp av radioaktiv jod. Ved svært alvorlege ulykker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Jodtablettar er til sals reseptfritt i apotek, Jodix, 130 mg. Dosering for personar over 12 år er 1 tablett. 

Kommunalt lager til sårbare grupper

Sjølv om jodtablettar er til sals reseptfritt i apotek, skal kommunane ha eit system for mogeleg utdeling av jodtablettar til innbyggjarane i dei mest sårbare gruppene (barn og unge under 18 år, gravide og ammande). 

Gloppen kommune har eit lager av jodtablettar som kan delast ut til desse gruppene etter råd frå myndigheitene. Ved ei atomhending vil jodtablettar bli utdelt til barn og unge gjennom barnehagar og skular i kommunen. Gravide og ammande vil kunne få jodtablettar utdelt ved helsestasjonen. 

Tablettar vil berre bli utdelt dersom ei atomhending inntreff.  Kommunen kan ikkje dele ut tablettar til oppbevaring i beredskap i heimane.

Jodtablettar skal kun takast etter råd gitt frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil det mellom anna koma råd via media og nettsidene til DSA.

Meir informasjon finn du på nettsidene til