Vedtekter for skulefritidsordninga i Gloppen

Vedtektene vart fastsette av kommunestyret i møte den 7. mars 2011, sak 11/11.

Rådmannen har delegert sitt mynde etter vedtektene i notat datert 1. august 2011. Delegasjonen går fram av tillegget til vedtekene nedanfor.

I: Omfang og formål

§ 1-1 Vedtektene gjeld for
Desse vedtektene gjeld for skulefritidsordninga (SFO) ved skulane i Gloppen kommune.

§ 1-2 Eigarforhold og drift
Gloppen kommune eig og driv SFO. Ordninga skal drivast i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtak fatta av samarbeidsutvalet og andre kommunale styringsorgan.

§ 1-3 Formål
SFO skal vere eit frivillig og trygt fritidstilbod for barn som går i 1. - 4. klasse på skulen og for funksjonshemma barn opp til og med 7. klasse.

Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.

II: Organisering og personale

§ 2-1 Styringsorgan og administrasjon
Oppvekstutvalet er det politiske styringsorganet for SFO, og rådmannen har det øvste administrative ansvaret for ordninga.

Ved skulefritidsordningar der barnetalet er over 30, kan det tilsetjast eigen leiar på SFO. Rådmannen fastset storleiken på og fordelinga av administrasjonsressursen.

§ 2-2 Samarbeid
Samarbeidsutvalet ved skulen er også samarbeidsutval for SFO.

§ 2-3 Talet på barn og personale
Som hovudregel må det minimum vere ti barn for å opprette eiga SFO ved ein skule. Ved færre barn, skal SFO tilbydast i samarbeid med andre skular eller barnehagar.

Utgangspunktet for bemanninga i SFO er ein vaksen per 13-16 barn avhengig av alder og samansetting av gruppa. I kortare periodar i løpet av dagen, kan ein vaksen ha ansvar for fleire barn. Når funksjonshemma barn nyttar SFO, skal bemanninga vere slik at desse barna har utbyte av opphaldet.

III: Inntak, oppseiing av plassar og betaling

§ 3-1 Inntak av barn
Inntak av barn i SFO blir gjort av rådmannen. Påmeldingsfristen for hovudopptak er 1. april kvart år.

Rådmannen har ansvaret for at alle foreldre som kan nytte seg av SFO-tilbodet får informasjon om dette i god tid før påmeldingsfristen for hovudopptaket. Informasjon om tilbodet skal også elles vere lett tilgjengeleg.

§ 3-2 Påmelding
Påmelding til plass på SFO og melding om tildelt plass skal vere skriftleg. Vilkåra for plass på SFO skal gå fram av påmeldingsskjemaet for ordninga.

Påmeldinga til SFO er bindande og innlevert påmeldingsskjema gjeld som avtale med foreldra/føresette om vilkåra som er knytte til SFO-plassen.

§ 3-3 Vilkår for opptak
Utgangspunktet er at alle som melder seg på, får plass på SFO.

§ 3-4 Opptaksperiode og oppseiings-/endringsfristar
Hovudopptaket av barn skjer i vårsemesteret, og gjeld frå skulestart i opptaksåret. Opptaket gjeld for skuleåret. Inntak i løpet av skuleåret gjeld frå inntaksdato og fram til skuleåret sluttar.

Oppseiing og endring av plass i SFO skal vere skriftleg. Oppseiings-/endringstida er ein månad. Oppseiinga/endringa gjeld frå den 1. eller den 15. i kvar månad.

§ 3-5 Betaling
Kommunestyret fastset takstane for foreldrebetaling til SFO. Betalingsfristen er den 20. i den månaden opphaldet gjeld for.

Rådmannen kan inndra tildelt plass ved forsøming av betaling.

IV: Opningstider og areal

§ 4-1 Opningstider
Opningstid og organisering skal så langt som råd er innanfor vedtekne rammer tilpassast ønska til foreldra. Dette inneber at tilbodet kan variere litt frå år til år, etter påmelding og inntektsgrunnlag. Dagleg opningstid skal maksimalt vere mellom kl 06.45 og kl 17.00.

Hovudtilbodet i skulefritidsordninga følgjer skuleåret, med oppstart når skulen tek til om hausten, og avslutning når skuleåret er slutt i juni. Haustferie, juleferie, vinterferie og feriedagar elles, er ikkje inkluderte i tilbodet og skal betalast for i tillegg etter gjeldande satsar. SFO er stengd i juli månad.

Etter skuleslutt i juni, før skulestart i august og i alle feriar skal minimum ei skulefritidsordning i kommunen halde ope.

Rådmannen avgjer kom mange barn som må vere påmelde for å halde SFO ope i periodar utanom hovudtilbodet.

SFO kan halde stengt inntil 3 dagar per år for at personalet skal kunne delta på kurs og få tid til planlegging.

§ 4-2 Leike- og opphaldsareal
Barna sitt leike- og opphaldsareal, ute og inne, skal vere tilrettelagt for allsidige og varierte aktivitetar. Lokala skal godkjennast etter gjeldande lovverk.

Barna skal minimum ha eit leike- og opphaldsareal på 4 m2 per barn.

V: Klage og iverksetjing

§ 5-1 Klage
Enkeltvedtak etter desse vedtektene kan påklagast til formannskapet etter reglane i forvaltningslova.

§ 5-2 Iverksetjing
Desse vedtektene gjeld frå SFO-start for skuleåret 2011-2012. Frå same tidspunkt blir standardvedtekter for SFO i Gloppen vedtekne av kommunestyret den 23. februar 2004, og eventuelle SFO-vedtekter for den enkelte ordning, oppheva.

---

Delegering av oppgåver og mynde, gjevne av rådmannen den 1. august 2011

Etter § 2-1
Oppvekstsjefen blir tillagt det øvste administrative ansvaret for SFO. Det daglege driftsansvaret for SFO blir lagt til rektoren ved kvar skule. Ved skular der det er oppretta eiga stilling som SFO-leiar, kan rektor legge det daglege driftsansvaret til vedkomande SFO-leiar.

Oppvekstsjefen får fullmakt til å fastsette storleiken på og fordelinga av administrasjonsressursen ved kvar SFO. Ved skular der det er oppretta eiga stilling som SFO-leiar, blir denne fullmakta lagt til den aktuelle rektor.

Etter § 3-1
Rektor ved kvar skule får fullmakt til å tildele SFO-plass og skal oppfylle rådmannen si informasjonsplikt etter § 3-1. Ved skular med eigen SFO-leiar kan rektor legge denne fullmakta og informasjonsplikta til SFO-leiar.

Denne fullmakta omfattar å gjere endingar i opphaldstida etter § 4-1 i vedtektene.

Etter § 3-5
Oppvekstsjefen for fullmakt til å inndra tildelt SFO-plass ved manglande betaling frå foreldre/føresette.

Etter § 4-1
Rektor ved kvar skule får fullmakt til å fastsette daglege opningstider innanfor ramma som går fram av § 4-1 i vedtektene og til å avgjere kor mange barn som må vere påmelde for å halde SFO ope i periodar utanom hovudtilbodet.

Ved skular der det er oppretta eiga stilling som SFO-leiar, kan rektor legge denne fullmakta til SFO-leiar.

---

Fullmaktene etter denne delegasjonen kan ikkje delegerast vidare dersom dette ikkje utrykkeleg er sagt i dette notatet.