Vedtekter for utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Godkjende av
- Gloppen kommunestyre den …. 2020 i sak xx/20
- Sunnfjord kommunestyre den .... 2020 i sak xx/20.

§ 1 Heimel og kapital

Grunnkapitalen i fondet er 10 millionar kronar innbetalt av staten som følgje av opprettinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Fondet er felles for Gloppen og Sunnfjord kommunar.

Fondskapitalen kan plasserast på renteberande konto og/eller i aksjar eller fond til høgast mogleg rente. Inntil 6 millionar kroner kan plasserast i aksjar eller fond. Vertskommunen sitt finansreglement avgjer endeleg plassering.

Dei åra det eventuelt ikkje vert utbetalt tilskot frå fondet, kan midlane disponerast til tilskot påfølgande år.

§ 2 Føremål

Avkastning av fondet skal nyttast til næringsutvikling, fellestiltak og tiltak for ålmenta i nærområdet til, eller innafor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Tiltaket skal primært vere basert på utnytting av verdiane i verneområdet innafor gjevne vernereglar og forvaltningsplan.

§ 3 Tilhøvet til internasjonale forplikting mot offentleg støtte

Bruken av fondet skal vere i samsvar med det internasjonale regelverket om offentleg tilskot som Noreg har slutta seg til.

§ 4 Fondsforvaltning

Fondet er interkommunalt og kommunelova sine reglar for interkommunalt samarbeid vert lagt til grunn for val av forvaltningsløysing, jamfør lova sin §§ 20-3, 20-4, 20-5 og 20-7 til 20-10.

Vertskommune-samarbeid
Fondet skal administrerast etter reglane om vertskommunesamarbeid, sjå kommunelova sin § 20-3. Gloppen kommune skal vere vertskommune.

Det er utarbeidd eigen samarbeidsavtale mellom dei to kommunane. Avtalen er datert …………... og kan berre bli endra av kommunestyra begge kommunane. Det må vere full semje før eventuelle endringar kan bli gjennomført.

Oppgåver for vertskommunen
Den daglege administrasjon av fondet er lagt til Gloppen kommune v/rådmannen. Fondsadministrasjonen skal mellom anna:

  • Ta i mot og registrere søknader om tilskot, syte for å greie ut søknadene forsvarleg om tildeling frå fondet
  • Ta i mot og registrere eventuelle klager på vedtak om tilskot, syte for å greie ut saka forsvarleg
  • Følge opp gjennomføring av tiltak som er tildelt tilskot frå fondet.

Felles folkevald nemnd
Det vert oppretta felles folkevald nemnd som skal styre arbeidet med fondet. Nemnda skal ha fem medlemmer, to av desse representerer grunneigarane. Reglar for oppnemning og fordeling av medlemmene går fram av samarbeidsavtalen mellom kommunane datert...……….

Kostnader med administrasjon av fondet kan ikkje bli dekt av avkastninga frå fondet.

Klagebehandling
Tildelingar frå fondet er enkeltvedtak etter forvaltningslova og kan påklagast til klagenemnda som er oppretta i medhald av kommunelova § 20-6.

§ 5 Årsmelding/årsrapportering

Vertskommunen skal rapportere årleg til begge kommunestyra om arbeidet med forvaltning av fondet. Rapporten skal innehalde:

  • oversikt over kven som har søkt tilskot
  • oversikt over kven som har fått tildelt tilskot
  • oversikt over gjevne avslag på tilskot
  • oversikt over klager og resultatet av klagehandsaminga
  • utbetalte tilskot
  • avslutta tilskotssaker
  • inndrege tilskot
  • rekneskap for fondet.

§ 6 Godkjenning og endring av vedtektene

Vedtektene og seinare vedtektsendringar skal godkjennast av kommunestyra i Gloppen og Sunnfjord.

Framlegg til endring av vedtekter kan fremjast av kommunestyret i ein av kommunane.

§ 7 Støtteformer

Midlane frå fondet kan gjevast som eingongstilskot og eller tilskot fordelt over fleire år. I hovudsak skal tilskot kunne gjevast til:

  • Utgreiingsarbeid
  • Marknadsundersøkingar
  • Kompetanseoppbygging
  • Oppstart-tilskot nye bedrifter
  • Investering i bygg og anlegg
  • Investering i varige driftsmidlar
  • Investering i utstyr
  • Driftstilskot i oppstartfase
  • Tiltak innafor beitebruk
  • Tiltak for fisk og vilt

Lista er ikkje uttømmande.

§ 8 Støttevilkår

Støtte kan gjevast til:

  • Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde
  • Lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiar i område i samarbeid med rettshavarar innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Samarbeid krev skriftelege avtale.

Støtte kan gjevast med inntil 70 % av budsjetterte kostnader for tiltaket. I særlege tilfelle kan det gjevast 100 % støtte til eit tiltak.

Det skal setjast høvelege vilkår ved tildeling av støtte frå fondet.

§ 9 Kunngjering av søknadsfrist og krav til søknad

Søknad skal utformast i samsvar med Innovasjon Noreg sine retningsliner for søknad om tilskot.

Søknadsfristen er 15 mars. Søknadsfristen skal gjerast kjend i god tid ved lysing i avisa. Søknadsfrist og vedtekter for fondet skal vere lett tilgjengeleg på kommunane sine heimesider.

Søknadene skal handsamast utan unødig opphald. Vedtak om tildeling av midlar skal meldast til søkjar innan 20. juni.

Vedtak om tildeling av midlar skal stadfestast med eit tildelingsbrev der vilkåra for tildelinga og bruken av midlane kjem klart fram.

Det skal utarbeidast eige søknadsskjema og standard tildelingsbrev.

§ 10 Tilsegnsperiode

Tilsegn om tilskot vert gjeve for 2 år med fastsett arbeidsfrist. Ved særlege tilhøve kan det, etter søknad, bli godkjent ein lengre gjennomføringsperiode.

Dersom tiltaket ikkje er starta opp seinast 12 månader etter at tilsegn er gjeve, fell vedtak om tilsegn bort.

Dersom tiltak innan arbeidsfristen berre er delvis fullført, kan utbetalt tilskot heilt eller delvis krevjast tilbake.

§ 11 Utbetaling av tilskot

Løyvd tilskot vert utbetalt etter skriftleg oppmoding og skriftleg dokumentasjon av utgifter.

Dersom sluttutgiftene er mindre enn i søknaden, vert tilskotet tilsvarande avkorta.

Tilskot opp til kr 10.000 vert utbetalt etter gjennomført prosjekt. Ved tilskot over kr 10.000 kan administrasjonen i spesielle tilfelle og etter søknad godkjenne delutbetaling.