Retningslinjer for bruk av Thorbergens legat

Vedtekne av kommunestyret den 18. desember 2019 i sak 110/19.

Sjå dei gamle statuttane for legatet, som m.a. fortel om bakgrunnen for oppretting av legatet.

1. Bakgrunn

Midlane på fondet kjem frå Thorbergens legat, som vart oppretta av Brita Egge Thorbergsen og Hans Thorbergsen i 1967. Legatet er lagt ned, og midlane er no eit bunde kommunalt fond, som helse- og omsorgsutvalet disponerer. Saldo på fondet går fram av kommunerekneskapen, og er ved årsskiftet 2018/2019 kr 182.444,67.

2. Bruk av midlane

Thorbergsens legat vart oppretta for å gje tilskot til uføre barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Gloppen og Klakegg i Jølster. Søknader frå nokon som bur i Breim og på Klakegg skal derfor prioriterast.

Sidan målgruppa i dei gamle statuttane for legatet ikkje lenger er så stor, kan midlane frå fondet brukast til alle føremål som er til hjelp for vanskelegstilte barn og unge i Gloppen.

Midlane skal ikkje erstatte løyvingar og tenester som søkjar har rett til frå det offentlege.

3. Utlysing og vedtak

Helse- og omsorgsutvalet avgjer søknadene om tilskot frå fondet. Som hovudregel skal det kunngjerast på Gloppen kommune si heimeside og i Firda Tidend at det kan søkjast om tilskot frå fondet. Søknadsfrist er 1. oktober kvart år.

Maksimal årleg tildeling frå fondet er kr 30.000,-.

Helse- og omsorgsutvalet sine tildelingsvedtak kan ikkje påklagast.