Vedtekter for Nordfjordrådet

Vedteknene er godkjende av kommunestyret den ...., sak ../..

 Framlegget er tilrådd av Nordfjordrådet i møte den 3. april 2013, sak 7/13.

Kap. I Allmenne tilhøve

§ 1 Deltakande kommunar
Nordfjordrådet er eit interkommunalt råd der kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn deltar.

Rådet er oppretta med heimel i kommunelova sin § 27, nr. 1.

§ 2 Formål
Nordfjordrådet skal vere ein interesseorganisasjon for alle dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal dessutan vere eit organ for løysing av fellesspørsmål og oppgåver for dei same kommunane.

§ 3 Medlemskap, utmelding, oppløysing
Kommunestyret i den einskilde kommunen gjer vedtak om innmelding i Nordfjordrådet og godtek med det vedtektene for rådet.

Dersom ein kommune ynskjer å gå ut av Nordfjordrådet må kommunestyret gjere vedtak om dette. Kommunen går då ut av Nordfjordrådet etter 6 mnd. varsel.

§ 4 Endring i vedtektene
Etter framlegg frå Nordfjordrådet kan desse vedtektene endrast når kommunestyra i alle medlemskommunane vedtek det.

Nordfjordrådet kan la ein kommune velje mellom å godkjenne føreslått vedtekstendring eller gå ut av Nordfjordrådet.

Kap. II Organisering, arbeidsform

§ 5 Samansetning av Nordfjordrådet
Dei til ei kvar tid fungerande ordførarane i dei deltakande kommunane utgjer medlemmene av Nordfjordrådet.
Varaordførarane er personlege varamedlemmer for sine ordførarar.

Nordfjordrådet vel mellom medlemmene sine ein leiar og ein nestleiar. Valperioden for desse fylgjer ordførarvalperioden i kommunane. Leiaren og nestleiar vert valt for 2 år.

Avgåande leiar kallar inn til konstituerande møte ved kvar slik valperiodestart.

Administrasjonssjefane i medlemmskommunane har møte- og talerett i rådet.

§ 6 Verksemda i Nordfjordrådet
Nordfjordrådet trer saman når rådsordføraren bestemmer det eller når 1/3 av medlemmene krev det. Innkallinga til møte skal skje med minst 8 dagars varsel og skal innehalde oppgåve over dei sakene som skal handsamast.

Nordfjordrådet gjer sine vedtak i møte leia av leiar eller nestleiar dersom rådsordføraren har forfall. Dersom ingen av desse er med i møtet vel rådet ein setterådsordførar for vedkommande møte.

Fylkesmann, fylkesordføraren og fylkesrådmannen kan delta i rådsmøta.

Vedtak i Nordfjordrådet vert gjort etter konsensus prinsippet. Alle vedtak må vere samrøystes.

Det skal førast protokoll frå møta der alle sakene som er drøfta og vedtak som er fatta blir ført inn. Møteleiaren er ansvarleg for at denne blir ført på ein forsvarleg måte. Protokollen skal sendast alle rådsmedlemmene med varamedlemmer dei deltakande kommunane, fylkesmannen, fylkeskommunen, avisene i Nordfjord og NRK Sogn og Fjordane.

Leiar er ansvarleg for at verksemda i Nordfjordrådet føregår i samsvar med vedtektene og god forvaltningsskikk. Leiar skal vidare sjå til at det for kvart år blir utarbeidd årsmelding for verksemda i rådet, som blir å sende medlemskommunane til orientering.

§ 7 Arbeidsutval
Nordfjordrådet kan oppnemne eitt eller fleire arbeidsutval for faste sektortema.

Rådet kan også oppnemne eigne utval til å utgreie spesielle saker.

Kap. III Sekretariat

§ 8 Tilsette
Nordfjordrådet har høve til å tilsetje sekretær og anna nødvendig hjelp innafor dei oppgåvene og det budsjettet som blir vedteke. Rådet fastset personalramme og løn, og føretek tilsetjingar og oppseiingar.

Stillingar som blir oppretta skal organiserast i samsvar med det som er bestemt i det kommunale lønsregulativet. Det blir gitt rett til pensjon som for kommunalt tilsette.

Tilsette i sekretariatet skal ha skyss- og diettgodtgjersle for reiser i rådet sitt ærend i samsvar med det regulativet for slikt som til eikvar tid gjeld for tilsette i fylkeskommunen.

I ein periode kan rådet som eit alternativ kjøpe sekretariatshjelp hjå ein av medlemskommunane eller private føretak.

§ 9 Kontorstad
Inntil Nordfjordrådet bestemmer noko anna, skal sekretariatet liggje i og om mogleg, i nær tilknytning til
sentraladministrasjonen i kommunen.

Kap. IV Arbeidsoppgåver

§ 10 Arbeidsoppgåver
Nordfjordrådet skal:
• fremje Nordfjord sine interesser i fylkes- og rikssamanheng
• fylgje opp fylkesplanarbeidet
• fremje tiltaksarbeidet i Nordfjord
• arbeide for å betre kommunikasjonstilhøva for Nordfjord
• ta opp saker av felles interesse for samordning av forvaltning av areal- og natur ressursar i Nordfjord
• arbeide for å fremje den sosiale og kulturelle utviklinga i Nordfjord
• utvikle fellesprosjekt av interesse for alle eller nokre av kommunane
• ta opp andre saker av felles interesse i Nordfjord
• uttale seg i høve handsaming i kommunane av einskildsaker av interesse for regionen
• utveksle kompetanse kommunane i mellom.

Kap. V Økonomi

§ 11 Budsjett, finansiering
Nordfjordrådet utarbeider og vedtar for kvart år sitt eige budsjett for den verksemda det har etter vedtektene. Utgiftene blir å fordele etter folketal pr. 01.01 i budsjettåret.

Rådet skal og utarbeide økonomiplan slik at kommunane kan ta omsyn til denne i sin planlegging.

§ 12 Rekneskapsopplegg
Nordfjordrådet ser til at det blir ført eigen rekneskap for verksemda ved ein av medlemskommunane sin kommunekasse.

Årsrekneskapen skal reviderast av kommunerevisjonen i Nordfjord og deretter leggjast fram for rådet til godkjenning.

§ 13 Godtgjersle til rådsmedlemmene/varamedlemmene/utvalsmedlemmer
Nordfjordrådet kan i samband med budsjetthandsaminga fastsetje fast godtgjersle til leiar.

Rådsmedlemmene, varamedlemmer og eventuelle medlemmer i arbeidsutval får som grunnregel dekka sine utgifter til reiser, diett o.a. kostnader dekka av sin heimkommune. I tilfelle noko anna skal leggast til grunn, skal dette vedtakast av rådet.