småverktøy Større skriftNettstadkartBilete frå GloppenUtskriftsvennelg versjon

Vennskapskommune

Auce i Latvia
Auce i Latvia

Gloppen kommune har så langt ikkje etablert noko vennskapssamband med andre kommunar. Formannskapet gjorde rett nok i 2002 vedtak om «det vil vere nyttig med ei nærare kontakt med Auce i Latvia», men det det har ikkje blir gjort noko konkret for å gjere denne byen til vår vennskapskommune.

Les meir om Auce i Latvia (PDF, 2 MB) (presentasjonen er laga av Dagfinn Nyhammer)

Bakgrunnen for formannskapet sitt vedtak var eit brev frå borgarmeisteren i Auce der han inviterte Sandane til å bli vennskapsby. Borgarmeisteren skreiv m a:

«Folk frå sparebanken på Sandane hjelper framleis til med innsamling til Tervete barneheim (klede, pengar, skulebuss o.s.v.). Personleg kjenner vi Dagfinn Nyhammer som er hovudpersonen i dette hjelpearbeidet. Han har besøkt byen vår fleire gongar og kjenner folk her. Barnehagen vår Piladzitis har kontakt med Huskestova barnehage. Dei utvekslar brev, barneteikningar og bilde To lærarar og 8 studentar har besøkt Sandane og skulane der i 1998 og budde då hos lokale familiar. Alle sammen har fine minne frå denne tida.

Det ville glede oss å få nye venner på Sandane for å etablere forbindelse mellom Auce og Sandane og utveksle erfaring om kultur, utdanning og lokalt styresett. Vi vil svært gjerne ha Sandane som vår vennskapsby.

Auce ligg på Zemgale-sletta og Auce er ein liten by ca. 100 km frå hovedstaden vår Riga og 41 km frå regionbyen Dobele. Det bur 4.500 innbyggarar i Auce. I Latvia er regionale reformer på trappene. Dette betyr at vi kjem til å ha berre 102 kommunar(regionale senter) i Latvia og då blir Auce ein sentral by med 15.000 innbyggjarar i Auce regionen.

Vi har vidaregåande skule (secondary school) med ca. 1.000 studentar, ein musikkskule med 150 studentar, eit kunststudium, ungdomssenter, musikkband, blanda kor, forskjellige dansegrupper, amatørteater o.s.v. i Auce.

Kvart år i juli organiserer byen vår Auce-dagane. Då har vi ein internasjonal musikkbandfestival i Auce. Kvart år i august har vi også ei internasjonal jordbruksutstilling.

Auce er ein industriby. Den største fabrikken er ein tekstilfabrikk med 400 arbeidarar og eit firma som produserer tømmermaskiner.

Der er fire religionar i Auce. Hovedtrussamfunnet er luthersk og det nest største er katolsk. Vi har nokre historiske monument frå det 19. hundreåret i Auce; Vecauce-slottet (no er det eit svært fint hotell) og den lutherske kyrkja i Vecauce.

Helsing
Gint Kaminskis
borgarmeister i Auce»

 
 
 
Levert av ACOS AS
Login for redigering