Meir informasjon om støttekontaktordninga

Kven kan ha behov for støttekontakt?
Støttekontakt kan vere eit viktig tiltak i forhold til born, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma, innvandrarar som er ukjende med det norske samfunnet, familiar med samansette problem og rusmisbrukarar. 

Kva er kriteria for å få støttekontakt?
Behovet for støttekontakt blir vurdert etter helse og omsorgstenestelova § 3-2 pkt 6.b Lov om sosiale tenester: "dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk bistand eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a-d", herunder støttekontakt. 

Kva er føremålet med tenesta?
Støttekontaktene si viktigaste oppgåve er å hjelpe den einskilde til ei meiningsfull fritid. Oppgåvene kan innebere sosialt samvere og å følgje vedkomande til ulike fritidsaktivitetar. Det er vesentleg at støttekontakta kan bidra med venskapeleg rådgjeving og hjelp i tillegg til sosialt samvere. 

Kven er støttekontakt?
Tenesta vert oftast utført av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn. Dei har difor som regel behov for opplæring og regelmessig rettleiing, alt etter kva persongruppe dei er støttekontakt for og målet med støttekontaktforholdet. 

Kostar tenesta noko?
Det er gratis å motta støttekontakt, men brukaren må sjølv rekne med å dekkje sine eigne utgifter medan han/ho er saman med støttekontakta, til dømes symjehall, inngongspengar, mat på kafé osv. Støttekontakta mottek lønn frå kommunen samt ei godtgjersle for utgifter knytte til oppdraget. 

Korleis søkjer eg om støttekontakt/fritidskontakt?
Søknad om støttekontakt fyllast ut på eige skjema og sendast til Re/habiliteringstenesta i Gloppen kommune. Søknadsskjema får du ved å kontakte re/habiliteringstenesta. Re/habiliteringstenesta skal fatte eit vedtak som tek stilling til søknaden og informerer om kva slags hjelp du får tilbod om og i kva omfang. 

Korleis klager eg på vedtak?
Du kan klage på vedtaket til dømes dersom kommunen sitt tilbod ikkje dekkjer behovet for sosialtenester. Fylkesmannen er klageinstans. Klagen skal sendast til kommunen. 
                      
                        (Kjelder: Lov om sosiale tenester; helsetilsynet.no)

Sist endra 24.04.2014