WiFi4EU - Gratis internett i tettstadane i Gloppen

Visste du at når du sit i Colombusparken i Hyen, Teinaparken på Reed eller i Grandeparken på Sandane så kan du nytte deg av gratis internett? 

Gloppen kan no tilby gratis internett - WiFi4EU - på Heradsplassen, ved gjestebrygga og i Grandeparken på Sandane, Columbusparken i Hyen, utanfor Coop på Byrkjelo og i Teinaparken på Reed. Føremålet med ordninga frå EU er å gje innbyggjarar og turistar gratis internett på sentrale møteplasser i kommunen. 

I 2018 oppretta EU ei støtteordning for å etablere gratis WiFi-nettverk i sentrumssoner for eigne innbyggjarar og besøkande. Ungdomsrådet hadde etterlyst trådlaust nettverk i sentrum, og når denne ordninga dukka opp var Gloppen raskt ute og søkte. Og vi var blant dei heldige som fekk kr 150.000 i tilskot! Etter ei anbodsrunde viste det seg at summen var nok til å få etablert gratis nettverk på seks stader i kommunen. Enivest AS har levert den tekniske løysinga for WiFi4EU i Gloppen. 

Så no ventar vi på at sol og sommar kjem tilbake, og at gratis internett gjer at fleire kosar seg ute på sentrale møteplassar i kommunen!

God sommar!