Vil din organisasjon bidra på ein landsbylaurdag i 2020?

Ein gong i månaden er det landsbylaurdag på Sandane. 

Her melder lag- og organisasjonar seg på med underhaldning, aktivitetar eller stand. Dette er ein fin arena for å marknadsføre din organisasjon, og kan rekruttere nye medlemmar til laget ditt. 
 

Landsbylaurdag er også ein møteplass for torgseljarar som vil selje lokalmat, eller for andre som vil fremme ei berekraftig utvikling av kommunen vår. 
Når fleire aktørar møtast, så bidreg vi i fellesskap til eit meir levande sentrum og gode møte mellom menneska. Slik vil vi ha det i fjordlandsbyen på laurdagar! Saman skapar vi ein rikare kvardag – midt i verda!


Vi håpar din organisasjon vil bidra! Sjå lista over datoar, og gje tilbakemelding når det passer og kva de vil bidra med på epost til birte.fossheim@gloppen.kommune.no.
 

Klikk for stort bilete