Val 2019: Førehandsstemming frå 12. august

Vi opnar for ordinær førehandsstemming ved servicetorget på heradshuset måndag 12. august, og røystesetlar med listekandidatar for kommune- og fylkestingsval vert teke i bruk.

Førehandsstemming er eit tilbod til alle, uavhengig av kva for kommune du er busett i.  På lik line som at Glopparar kan velge å førehandsstemme i andre kommunar dersom det passar best slik.

Ordinær opningstid

Servicetorget er ope til sine ordinære tider i vekedagane, det vil seie

12.august -30. august: kl 08.00-15.00

2. september - 6. september kl 08.00-15.45

Utvida opningstid

Fredag 16. august: 08.00-18.00 (Sandanedagane)

Laurdag 17. august: 11.00-17.00 (Sandanedagane)

Søndag 18. august: 12.00-15.00 (Sandanedagane)

Torsdag 29. august: 08.00-18.00

Laurdag 31. august: 11.00-14.00

Torsdag 5. september: kl 08.00-18.00

Sjå opningstider i Gloppen og resten av landet på nettsida: valglokaler.no. (blir oppdatert av valgdirektoratet)

Hugs legitimasjon

Alle som vil stemme må ha med seg gyldig legitimasjon.

Har eg stemmerett?

Sjå kven som kan stemme ved kommunestyre- og fylkestingsval

Valdag

Den ordinære valdagen er måndag 9. september 2019