Utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - søk tilskot

Etter vedtektene for utviklingsfondet kan avkastning av fondet brukast til næringsutvikling,fellestiltak og tiltak for folk flest i nærområdet til, eller innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor landskapsvernområdet kan søkje om tilskot. Det same kan lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiane i området. Her stiller vedtektene krav om samarbeidsavtale med dei som har rettar knytt til landskapsvernområdet.

Du finn vedtektene her på heimesida vår.


Søknadsfrist er 15. mars 2020.

Søknad skal leverast elektronisk.

Spørsmål kan rettast til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller på e-post til post@gloppen.kommune.no

Kontaktperson er utmarksforvaltar i Gloppen kommune, Lindis B. Østgård tlf. 48 18 91 12.

Klikk for stort bilete