Utlysing av løyve til leigekøyring med snøskuter i utmark 2018-2023

Gloppen kommune lyser med dette ut løyve til leigekøyring (ervervsløyve) for dei som vil ta på seg transportoppdrag med snøskuter i utmark. Ordninga vert sett opp for perioden 2018-2023

Oppdrag som løyvehavar av leigekøyring kan ta på seg utan å søkje kommunen er blant anna:

·    Transport mellom bilveg og hytte.
·    Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar.
·    Transport av funksjonshemma.
·    Transport av ved til privatpersonar

Det kan også vere aktuelt med oppdrag knytt til andre formål enn dei nemnd over (jamfør § 3
og § 6 i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag). Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.

Dei som får løyve vil kunne køyre i heile Gloppen, med unntak av Jostedalsbreen nasjonalpark, Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, Ålfotbreen landskapsvernområde, Kolebakkane naturreservat og Kloppemyrane naturreservat. Det vil føreligge ein rekke vilkår til køyringa, blant anna så skal lokalt naturoppsyn (SNO) informerast om kvar tur og det må alltid innhentast løyve frå aktuell grunneigar før køyring.

Det vert lagt opp til at inntil 6 personar har løyve til leigekøyring i Gloppen kommune.

Søkjarar som er busett i Gloppen, og som allereie har snøskuter brukt i næring, vil bli prioritert. Det vert òg lagt vekt på den næringsmessige betydinga for søkjaren. Personar som har hatt slikt løyve tidlegare, og nytta det lovleg, vil bli prioritert framfor nye søkjarar. Lag og organisasjonar kan søkje med ansvarleg person.


Søknadsfrist: 5 november 2018

Søk elektronisk her (logg inn med ID-porten)