Uroleg for eit barn?

Gloppen kommune inviterer alle som er med på frivilleg arbeid retta mot barn og unge til eit møte på Gloppen ungdomsskule tysdag 19. november kl 19. Temaet er: «Uroleg for eit barn?»

Klikk for stort bilete

Vi har mange gode fritidstilbod for barn og unge, og dei fleste vert drivne av frivillege. De som bruker fritida dykkar på å vere trenarar, leiarar eller på anna vis legg til rette for ei aktiv fritid, er særs viktige for Gloppesamfunnet. De skaper ein rikare kvardag for barn og unge! De blir kjent med mange, følgjer barn og unge over tid og er førebilete! 

Nokre gonger opplever frivillege at dei blir urolege for eit barn eller ungdom. Det kan vere mange ulike ting som gir uro, enten i møte med barnet eller med foreldra. Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere. Korleis kan ein snakke med barnet om det? Skal ein seie i frå til foreldra? Kva tid skal ein seie i frå til andre? Korleis er dette med bekymringsmelding? Målet med møtet er å gi nokre innspel på kva ein kan gjere viss ein er uroleg for eit barn eller ein ungdom. Du kan vere første steg mot at barnet og familien får hjelp! Barnevernsleiar Gerd Ynnesdal og helsesjukepleiar Henny Klakegg Børset innleier, og det blir høve til å stille spørsmål.

Mobbing kan vere ein grunn til uro. Oppvekstsjef Per Arne Strand vil seie litt om korleis kommunen arbeider med dette, og korleis dei frivillege kan bidra i kampen mot mobbing og for inkludering.