Upresist i Firda om 'blålysbygg' på Sandane

Avisa Firda skriv om nye lokale til lensmannen i Gloppen i papirutgåva den 5. desember, og publisert på nettet dagen før, at kommunen ikkje har sett av midlar til 'blålysbygget' i sin økonomiplan.

Dette er feil. I økonomiplanen for 2018-2021 er det sett av 36 millionar til dette prosjektet. Planen vart vedteken av kommunestyret den 15. juni i år.