Ungdomens kulturpris til Emilie

Ungdommens kulturpris, vert delt ut av ungdomsrådet, og gjekk i år til Emilie Larsen Evebø. Ho får prisen for engasjement og deltaking i elevråd, 4H, som drillinstruktør, og UKM. Ho er ein dyktig teiknar og fotograf, og har dei siste åra utmerka seg som forfattar av ulike tekstar. Tekstane hennar er reflekterte, undrande og velskrevne og har blitt publisert i både Firda Tidend, Firda, Bergens Tidende og Aftenposten.

Ei ung forfattarstemme vi gler oss til å høyre meir frå! 

 EmilieLarsenEvebø - Klikk for stort bilete

Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Sist endra 14.03.2017