Trafikktryggingsprisen Sogn og Fjordane 2017 - framlegg til kandidatar

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), med leiar Noralv Distad i spissen, ynskjer no forslag til kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017.

– Arbeid med trafikktrygging kan skje på så mange ulike måtar. Det kan vere å trygge vegane våre, drive haldningsarbeid og opplæring og leggje til rette for mjuke trafikantar. Trafikktryggingsprisen skal vere både ei påskjønning for nedlagt innsats og ei oppmuntring til å halde fram arbeidet, seier leiar for FTU, Noralv Distad.

25 000 kroner 

Prisen er på 25 000 kroner og kan gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for å gjere trafikken i Sogn og Fjordane tryggare. Prisen vert delt ut kvart år, og sjølve overrekkinga vert i år på fylkestinget sitt møte 17. oktober.

I fjor gjekk prisen til Anna og Helge Brakstad, for innsatsen for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. Andre prisvinnarar dei siste åra har vore to idrettslag (Vik og Markane) og Våge Kvinne- og familielag. Dei har fått prisen høvesvis for å ha bygd rulleskiløyper/-anlegg i Vik og på Ullsheim og for imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler.

Send inn forslag 

Aktuelle kandidatar kan vere personar, grupper, lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for trafikktrygging i Sogn og Fjordane.  FTU ønskjer grunngjevne forslag på aktuelle kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017. Fristen for å sende inn forslag er 12. september. Forslag skal sendast til anten

Statens vegvesen Region Vest v. FTU-sekretariatet
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no eller på heimesida til fylkeskommunen.

Trafikktryggingsprisen - Klikk for stort bilete Anders Aa Hagen