Trafikksikker skule og barnehage

Tysdag formiddag var ordførar - Leidulf og koordinator for trygge lokalsamfunn - Beate på besøk i Hyen barnehage og på Hyen skule. Målet var å besøke den sist godkjente barnehagen i Gloppen og overrekke «Trafikksikker barnehage»-skiltet. Vi vart særs godt motteke av barna ved porten inn til barnehagen, og fekk vere med på samlingsstunda deira. 

Sidan vi først var i Hyen tok vi oss også ein tur opp på skulen. Der var vi så heldige å treffe  den månadlege kantinedagen, og fekk servert rykande ferske rundstykker med godt og sunt pålegg, juice og kaffe.

Etter ein prat med elevane rundt tema trafikksikker skule, vart dei med utandørs for å sjå på at Leidulf svingte drillen og skrudde opp skiltet. Takk for oss! Alltid kjekt å kome til Hyen!

Samlingsstund med Ordføraren - Klikk for stort bilete Beate Kornberg Leidulf Gloppestad skrur opp beviset - Klikk for stort bilete Beate Kornberg