Tilskot frå Fylkesmannen i Vestland

Ei skikkelig gladsak! Gloppen har fått innvilga to tilskot frå fylkesmannen i Vestland på tilsaman 720 000 kr! No kan vi planlegge gode aktivitetstilbod som skal gje meir meiningsfylte dagar. Dette er kjærkomne midlar!

Tilskot til aktivitetstilbod og besøksvert - 500.000 kr

Prosjektsøknad vart sendt inn i samarbeid med brukarutvalet på Gotatoppen, Gloppen Frivilligsentral og Gloppen Helselag. Vi søkte om midlar til aktivitetstilbod og etablering av besøksvertordning på Gotatoppen og Oreteigen som er omsorgsbustad med heildøgnsbemanning, og fekk dette innvilga. 

Tilskotet skal stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at eldre som har langtidsopphald i institusjon og omsorgsbustad med heildøgers bemanning får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste.

Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd ved Byrkjelotunet og Løkjatunet - 220.000 kr

Prosjektsøknaden vert levert i samarbeid med Gloppen Frivilligsentral. Vi søkte om midlar til aktivitetstiltak på Byrkjelotunet og Løkjatunet som er omsorgsbustader med bemanning deler av døgnet, og fekk dette innvilga.

Motiview sykling er positivt på mange måtar. - Klikk for stort bilete Cecilie M. Helgheim  Vi skal bruke tilskotet til å gå til innkjøp av Motiview-syklar og film med mål om å skape aktivitet og og sosial kontakt mellom bebuarane på Byrkjelotunet og Løkjatunet, pårørande og frivillige i bygdene. Nokre vil kunne vere fysiske aktive, medan andre deltek gjennom mimring og samtale. Ved bruk av video, musikk og lyd, kan brukaren sykle gjennom kjende trakter og dele opplevinga med familie og venner. Ved at fleire sit saman og snakkar om kva dei ser vert det også ein sosial effekt.

  

Meir informasjon om søknadane i Innsyn