Tilleggssak til kommunestyremøtet den 24. april

Vi gjorde dessverre ein feil i møteboka til MULTEK-utvalet for møtet den 6. april i år, der saka om vertskommunesamarbeid om bestandsplanområde vart protokollert som utsett. Det var feil. MULTEK-utvalet tilrår avtalen med Jølster. Eit mindretal på to ville ha saka utsett.

Dette er ei kommunestyresak som på grunn av feilprotokolleringa ikkje kom med på saklista til kommunestyremøtet den 24. april i år.

Rådmannen har no sett opp avtalen som tilleggssak til møtet (PDF, 339 kB), og seier seg lei for rotet med møteboka til MULTEK-utvalet.

Den førebelse møteboka til MULTEK-utvalet (PDF, 674 kB) frå møtet den 6. april i år er sjølvsagt retta opp.