Sykkelritt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne

Løype Nordfjordrittet 1 - Klikk for stort bileteLøype Nordfjordrittet 1 Søndag 20. august arrangerer Sandane Sykkelklubb eit sykkelritt for barn og unge. Også tidlegare år har det vore sykkelritt i samband med Sandanedagane som i år er 18.-20. august. Det som er nytt i år er at trimklassa i rittet er tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne, etter innspel frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Hjelp gjerne til å spreie informasjon om dette til aktuelle deltakarar!

 

 

Rittet har fleire klassar:

MINI – for dei under 8 år

TRIM – ope for alle

UNG – konkuranseklasse for dei frå 10-16 år

 

TRIM-klassa kan velje i fleire ulike løyper, mellom anna to som er tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne. Løypene er på 3 km (frå Øvregata til nedre Austrheim og tilbake) og 9,6 km (frå Øvregata til der Svingane starter og tilbake). Det er flatt og godt merka. Påmelding skjer same dag, frå kl 12. Fortløpande start mellom 12.30 og 13.30 for MINI og TRIM.

 

For meir info, sjå:

http://www.nordfjordrittet.no/ung-mini-trim