Stortingsvalet 2017 - Tidlegstemming

1. juli opnar vi for mottak av tidlegstemmer til Stortingsvalet 2017. Dette er eit tilbod til velgarar som oppheld seg innanriks, og som ikkje har høve til å avgje stemme i den ordinære førehandsstemmingsperioda eller på valdagen 11. september.

Dei som har behov for å nytte seg av tidlegstemming kan komme innom kommuneadministrasjonen på Søreide "heradshus" og gjennomføre val.  Vi har ope mellom kl 08-15 kvar dag. 

I tidlegstemmeperioda har vi ikkje partisedlar, og valet skal gjennomførast på ein generell røysteseddel. Dette er eit tilbod som varer frå 1. juli - 9. august. Velgarane har ikkje motteke valkort når tidlegstemminga tek til. 

Ordinær førehandsstemming tek til 10. august og varer fram til fredag 8. september.

Valdagen er 11. september

Sjå kva for parti som stiller til val i Sogn og Fjordane

 

Vallogo - gull - Klikk for stort bilete