Stortingsvalet 2017 - står du i manntalet?

For å kunne stemme ved stortings- og sametingsvalet den 11. september i år må du stå i manntalet. Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busett per 30. juni i valåret

Vi har no lagt ut manntalet for Gloppen på servicetorget Søreide samt på Gloppen folkebibliotek, og her kan du sjekke om du står oppført i manntalet.

 

Manntalet vert liggande ute til valdagen 11. september. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og flyttemeldinga ikkje er motteken i folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Då kan du velje om du vil stemme på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandstemme på servicetorget i Gloppen. Førehandsstemminga opnar 10. august. 

Dersom du bur i utlandet

men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søker ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemmegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsstemmer i Norge eller ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema. (PDF, 51 kB)  

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 11. september kl. 21:00.

Kven har stemmerett til stortingsvalet?

Vallogo - gull - Klikk for stort bilete