Stortingsvalet 2017: Førehandsstemming

10. august opnar vi for ordinær førehandsstemming til Stortings- og sametingsvalet 2017. Du kan stemme kvar dag ved servicetorget på Søreide innanfor våre ordinære opningstider, som er 08-15 til og med 31. august. Frå 1. sept held vi ope til kl 15.45.

Du treng ikkje vere manntalsført i Gloppen for å førehandsstemme, høyrer du til i ei anna kommune sender vi stemma di dit den høyrer heime. 

Førehandsstemminga varer fram til og med fredag 8. september.

Hugs legitimasjon!

Utvida tilbod om førehandsstemming

Fredag 18. august (Sandanedagane) – Stand i Sandane senter, ope mellom kl 10-18
Laurdag 19. august (Sandanedagane) – Stand i Sandane senter, ope mellom kl 11-17
Torsdag 24. august – Foajeen i Trivselshagen kl 14-18
Laurdag 26. aug – Foajeen i Trivselshagen kl 10-14
Torsdag 31. aug - Foajeen i Trivselshagen kl 14-18
Laurdag 2. sept – Foajeen i Trivselshagen kl 10-14
Onsdag 6. sep – Jokerbutikken i Hyen kl 14-15
Torsdag 7. sept – Foajeen i Trivselshagen kl 14-18

Instutisjonsval

Ope for bebuarar, tilsette og elles andre som bur i nærleiken og som ynskjer å førehandsstemme.

Tysdag 5. september:

Reedtunet kl 13.00
Byrkjelotunet kl 14.00

Onsdag 6. september:

Gloppen omsorgssenter kl 10.00
Bufellesskapet Gotatunet kl 11.00
Gotatoppen kl 11.30
Løkjatunet, Hyen kl 13.00

Vallogo - gull - Klikk for stort bilete