Stort engasjement for «Grøn næringsutvikling» i Nordfjord

Tysdag 23. januar inviterte Nordfjordrådet næringsliv, politikarar, kommunar, FoU-miljø og utdanningsinstitusjonar til seminar om Grøn næringsutvikling. Her møtte nærare 90 personar, og dette viser at det er stor interesse for tematikken i Nordfjord.

Supermann Grøn Næreingutvikling Nordfjordrådet januar18 - Klikk for stort bilete

Målet med seminaret var å lage ein arena for kunnskapsbygging- og deling, samtidig som den skulle gje konkrete idear og forslag til satsingar som kunne sette Nordfjordregionen i front på «grøn næringsutvikling».

Frå næringslivet var det klare forventningar til Nordfjordrådet si oppfølging vidare. Det må leggast til rette for kunnskapsnettverk på tvers av bedrifter og kommune omkring tematikken.   Det ligg eit viktig handlingsrom i regelverket for offentlege anskaffelser. Dette må kommunane bruke aktivt og på denne måten stimulere til utvikling i regionalt næringsliv. Her er det viktig med samarbeid og kunnskapsdeling mellom kommunane. Rekruttering av personar med kompetanse innan klima og energiomstilling kan skje i eit samspel mellom bedriftene og regionrådet. Det handlar om å marknadsføre at regionen ligg langt framme på dette området, og at bedriftene og kommunane følgjer opp med å etterspørje folk med denne kompetansen.

Frå Nordfjordrådet si side gir oppslutninga og engasjementet på seminaret ei stadfesting om at dette er ei viktig satsing å jobbe saman om i regionen. Regionen vår er ikkje tungt inne i petroleumsnæringa og har alt å tene på denne omstillinga. Rådet ser ei viktig kopling mellom våre fire vidaregåande skular i forhold til kompetanse og rekruttering til regionen. Vidare er kommunane si rolle som offentleg innkjøpar av bygningar, transportmiddel m.m ein viktig premissleverandør for å ta i bruk ny teknologi og legge til rette for energiomstilling. Prosjektet «Grøn næringsutvikling» som Nordfjordrådet har sett i gang, skal følgjast opp med ein handlingsplan for korleis rådet tek dette satsingsområdet vidare.

Vi takkar deltakarane for engasjement omkring konferansen, og ser fram til vidare samarbeid i regionen innan det grøne skiftet.

Her kan du sjå foredraga som blei presentert på konferansen.

Ein grønare Nordfjordregion. Leiar Nordfjordrådet Kristin Maurstad/ prosjektleiar Trond Haavik  (PDF, 4 MB)

Sesjon 1 – Innovative innkjøp: 

Kva kan vi lære av andre lokalt?

Nordfjord Sjukehus - landets mest energieffektive sjukehus. Teknisk sjef Per Helge Haugen, Helse Førde  (PDF, 3 MB)

Enøk-senteret AS i Ørsta, energinettverk. Dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen (PDF, 982 kB)

Anbodspraksis og miljøvennlege løysingar

Utfordringane sett frå bedrifter. Nikolai Haldane, Moderne Varme (PDF, 860 kB)

Samspel for meir innovative løysingar.  Juridisk rådgjevar Ann Mari Bjørlo, Gloppen kommune (PDF, 151 kB)

Nasjonalt program for leverandørutvikling NHO, KS, Difo. Prosjektleiar Tore A. Sines (PDF, 6 MB)

Kva er EPC? Svein Lillestøl, Energikompetansesenteret (PDF, 599 kB)

Finansiering frå Kommunalbank, Enova og Innovasjon Norge. Rune Henjesand, Innovasjon Norge (PDF, 3 MB)

Sesjon 2 – Regionen som GRØN næringsutviklar og samfunnsutviklar: 

Sirkulær økonomi: avfall/utslepp frå nokon - ressurs for andre


Aktuelle område for ny næringsutvikling på tvers av bransjar basert på sirkulær økonomi?

Fornybar infrastruktur

Transport basert på el, bio og hydrogen? Leiar for samfunnsansvar Bjørn Malm, Tine (PDF, 3 MB) og adm.dir Rolf Olav Tenden, Thor Tenden Transport (PDF, 968 kB)

Korleis bygge ein berekraftig reiselivsdestinasjon?