Søknad om støtte til frukt, bær og grønt

Også i 2020 vert det høve til å søkje om tilskot frå Innovasjon Norge til investeringar innan frukt, bær og grønt.

Nytt er at alle søkjarar no må konkurrere om ein felles nasjonal pengepott til investeringar i grøntsektoren. Vi ventar at det vert stor konkurranse om pengane, og vi vil difor oppmode alle som går med investeringsplanar om å sende inn ein søknad snarast råd, før pengane vert oppbrukt.

Søknadene vert framleis handsama hos Innovasjon Norge i Bergen og Sogndal, og det skal søkjast digitalt. Kommunen, Norsk landbruksrådgiving og andre kan hjelpe til med dette. Innovasjon Norge kan gje støtte til lønsame tiltak, som til dømes nyplanting, arrondering, vatningsanlegg, dekkesystem, hjortegjerde og kjølelager.

Vestland er den viktigaste regionen i landet på produksjon av frukt og bær. Samanlikna med landet produserer Vestland over halvparten av eple, bringebær, morellar og plommer. Vi har også ein stort produksjon av potet, gulrot og andre grønsaker.

Har du spørsmål - kontakt Innovasjon Norge

Vemund Aartun, Vemund.Aartun@innovasjonnorge.no  
May Britt Otterlei, May.Britt.Otterlei@innovasjonnorge.no  
Ole-Andreas Smette, Ole-Andreas.Smette@innovasjonnorge.no 

Meir informasjon og søknadsskjema ligg på nettsidene til Innovasjon Norge, og dei sidene blir oppdaterte så snart dei veit meir om ordningane.

Gartnerhallen skal godkjenne fruktfelt

det er Gartnerhallen som godkjenner fornying og/eller etablering av fruktfelt. Alle fruktprodusentar må frå 2020 søkje Gartnerhallen om endring eller utviding av produksjonsplanane sine.  Produsentar som skal søkje Innovasjon Norge om støtte til frukt og bær, må difor snarast sende epost med informasjon om fornying og/eller nyetablering av fruktfelt til produksjonssjef Stian Vik Thomassen: stian.thomassen@gartnerhallen.no

Informasjonsmøte for produsentar

Det er sett av datoar for to møter for produsentane, merk deg datoane, meir informasjon om møta vil kome seinare

  • Innvik fruktlager onsdag 12. februar kl 18.30 
  • Sogndal, Kommunehuset, torsdag 13. februar kl 18.30.