Søkje om spelemidlar?

Klikk for stort bilete Idrettslag kan søkje om spelemidlar til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet som er opne for allmenn bruk.

I år fekk Sandane Golfklubb 1,5 mill. kr til klubbhuset sitt, og Hyen IL fekk 67 000 kr til ei reiskapsbu på idrettsplassen i Hyen. Breimsbygda IL fekk tildeling på til saman 553 000 kr til to nærmiljøanlegg på Byrkjelo stadion. Gloppen kommune fekk 1 mill. kr til bassenget i Hyen og Trivselshagen IKS fekk 4,3 mill. kr til trippelhallen i Trivselshagen Bad og Idrett.

- Spelemidlar går, som vi tydeleg ser av årets tildeling, til både store og små prosjekt!

 

2021

No er søknadsrunda for 2021 opna, søknadsskjema og meir info om ordninga finn de her: www.anleggsregisteret.no
Også andre enn idrettslag kan søkje, til dømes stiftingar og aksjeselskap etter bestemte kriterier. Om til dømes eit utviklingslag ønskjer å bygge eit anlegg, vil ofte det enklaste vere å samarbeide med eit idrettslag om prosjektet. 

Anlegg for idrett og friluftsliv kan få tildelt 1/3 av godkjent totalkostnad. Nærmiljøanlegg kan få tildelt 1/2 av godkjent kostnad. Maksimal tildeling varierer ut i frå type anlegg. Meir informasjon om ulike anlegg finn du i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» som kjem ut i ny utgåve kvart år. Den største endringa frå i fjor er at det er sett tak på tilskot til turvegar. Det er som regel fleire års ventetid på tildeling av spelemidlar, men også dette kan variere etter type anlegg. 

Søknadsfrist

Fristen for søknader er 15. oktober 2020. Dei som har søkt tidlegare og ventar på tildeling, må fornye søknaden kvart år, innan same frist. 

Dialog med kommunen

Anlegga må registrerast av kommunen før den elektroniske søknaden om spelemidlar kan sendast inn. Det kan vere lurt å ta kontakt med kommunen tidleg i planlegginga. Det er ikkje lenger krav om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning frå kommunen for å kunne søke om spelemidlar, men kommunen kan likevel hjelpe til med å sikre at prosjekta er innanfor rammene for spelemiddelordninga. 
Alle anlegg det skal søkjast om spelemidlar til må vere med i gjeldande handlingsprogram i «Kommunal plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet». Dette er ei prioritert liste som blir vedteke av kommunestyret på desembermøtet kvart år. 

Spørsmål?

Spørsmål om spelemidlar kan rettast til folkehelserådgjevar Åslaug Haugset

e-post: aslaug.haugset@gloppen.kommune.no eller
telefon: 91 00 61 82 (tys, tors og fredag)