Søk om barnehageplass

Kommunale og private barnehagar har felles opptak, og felles søknadskjema

Innlogging skjer via ID-porten. Ha fødselsnummer (11 siffer) til barn og foresatte klar før du startar å fylle ut skjemaet. 

Søk elektronisk

Dei som søkjer for fyrste gong

fyll ut skjema og send inn.

I år må alle søkje

Sjølv om barnet ditt allereie har plass i barnehage, må du i år sende inn ein ny søknad, sjølv om du ynskjer å halde fram i same barnehage. Dette er ein eingangsjobb for å sikre at vi har dei rette opplysingane om deg og ditt barn, det vil ikkje påverke plassen du har fått tildelt. 

Har plass, men ynskjer å bytte barnehage

Dei som har plass, men som ynskjer å bytte barnehage til hausten fyller ut ny søknad og legg inn ynskja i prioritert rekkefølge.

Prioritering av barnehage

Vi ynskjer at alle som søkjer fyller inn minst 3 og maks 4 alternativ på barnehagar, spesielt gjeld dette dei som søkjer ny barnehageplass i Gloppefjordområdet.  Ver obs på at du må velge aktuelle barnehagar før du loggar inn med ID-porten. 

Hugs fristen

Frist for å søke om barnehageplass til hausten er 1. mars 2020

Kven har rett på plass?

Barn som har fyllt 1 år innan utgangen av november 2020, og som har søkt innan fristen 1. mars 2020 har rett på barnehageplass i Gloppen.

 

Barnehage - Klikk for stort bilete