Sjekk om du står i manntalet

Manntalet for Gloppen blir lagt ut til gjennomsyn frå 10. juli og fram til valet.

Du kan då sjekke om du står i manntalet i Gloppen på servicetorget i Gloppen kommune. Du kan også ringe Gloppen kommune, tlf 57 88 38 00 og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

 

Manntal

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ei kommune. For å kunne stemme må du stå i manntalet.

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busett pr. 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommune

Dersom du bor i utlandet

men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemmegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsstemmer i Norge eller ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan valdagen!

Har eg stemmerett?

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge og som ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge seinast 30. juni.

Øvrige utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune.