Senterpartiet vann valet i Gloppen

Som vanleg vart Senterpartiet størst i Gloppen også ved årets val. Endeleg oppteljing viser at Senterpartiet fekk 48,7 % av røystene, og er inne med 13 medlemmer i kommunestyret. Dette er to fleire enn i dag.

Elles ser dei endelege tala slik ut:

  • Kristeleg Folkeparti 12,9 %, med 4 medlemmer (-3)
  • Arbeidarpartiet 11,5 %, med 3 medlemmer (+1)
  • Høgre 9,2 %, med 2 medlemmer (som i dag)
  • Miljøpartiet Dei Grøne 5,8 %, med 2 medlemmer (+1)
  • Sosialistisk Ventreparti 5,0 %, med 1 medlem (som i dag)
  • Samfunnsdemokratane 4,3 %, med 1 medlem (-1)
  • Venstre 2,6 %, med 1 medlem (som i dag).

Samanlikna med førebels oppgjer frå valnatta, betyr det at Venstre kom inn, medan Høgre berre fekk 2 medlemmer i kommunestyret.

Sjå kven som kom inn i kommunestyret! (PDF, 14 kB)

Frammøteprosenten var 71,2 %. Dette er det same som ved valet i 2015.

Følg med på valet i Gloppen!