Reguleringsplan for området rundt Gloppen hotell

Gloppen kommunestyre vedtok på møtet 3. april denne reguleringsplanen med tilhøyrande tekstdel og føresegner. Plandokumenta er oppdatert i samsvar med kommunestyret sitt vedtak, og vil vere tigjengelege på kommmunen si heimeside under Kunngjeringar fram til 10. mai. Dei vil også bli lagt inn i kommunen sitt digitale planregister.

Klikk for stort bilete


Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til fylkesmannen, jfr. pbl. §1-9 og forvaltingslova kapittel VI.

Ei eventuell klage skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller post@gloppen.kommune.no innan 10.mai 2019.

Krav om erstatning eller innløysing, jfr. pbl. kapittel 15, skal vere framsett innan tre år frå denne kunngjeringa.

Sjå dokumenta i planen

Reguleringsføresegner

Plankart

Planomtale

Sol- skygge diagram

Detaljreguleringsplan

Plankart vertikalnivå

Vil du vite meir?

Sjå heile saka her