Reguleringsplan for Dammen bustadfelt

Gloppen kommunestyre vedtok på møtet 3. april denne reguleringsplanen for Dammen bustadfelt med tilhøyrande tekstdel og føresegner. Vedtaket inneber også endring av ein liten del av reguleringsplan for Nedre Valborgkleiva bustadfelt. Vi gjer merksam på at kommunestyret sine endringsvedtak ikkje er innarbeidd i plandokumenta enda.Klikk for stort bilete

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til fylkesmannen, jfr. pbl. §1-9 og forvaltingslova kapittel VI.

Ei eventuell klage skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller post@gloppen.kommune.no innan 5. mai 2019.


Krav om erstatning eller innløysing, jfr. pbl. kapittel 15, skal vere framsett innan tre år frå denne kunngjeringa.

Sjå dokumenta i planen

Detaljreguleringsplan for Dammen bustafelt - Sluttbehandling

Plankart, datert 22.10.2018

Planomtale Dammen bustadfelt

Planføresegner Dammen bustadfelt

ROS-analyse

Skredfare og flaumvurdering

Sol- skyggestudie