Prisutdeling for landets beste mat

Tidlegare i haust vart kjøkkenet på Gloppen omsorgssenter tildelt Forbrukarrådet og Landbruks- og matdepartementet sin pris for Gylne Måltidsøyeblikk 2017.

På ei tilstelling i kantina på omsorgssenteret tysdag den 10. oktober vart prisen overrekt til kjøkkensjef Gunnvor Sunde. Det var fagdirektør i Forbrukarrådet Anne Kristin Vie (t.v) og direktør i Landbruks- og matdepartementet Cathrine Steinland som overrekte prisen. Ved overrekkinga vart det lagt stor vekt på at mange fortener sin del av prisen, ikkje minst gjeld dette alle dei private mat-sjåførane som Frivillingsentralen administrerer.

Sjå kva departementet skriv om prisen og prisvinnaren.

Sjå kva Forbrukarrådet skriv.

PA104503 - Klikk for stort bilete Jan K.