Planverkstad / Folkemøte

Korleis skal vi disponere arealet vårt?

Kvar bør vi legge til rette for bustader, næringsareal, reiseliv, friluftsliv, fritidsbustader, infrastruktur? Her er mange interessante tema å vere med å gje innspel på! 

Planverkstad logo - Klikk for stort bilete

Når vi no skal lage ny arealplan for Gloppen kommune er det viktig å la innbyggjarane få ta del i planane og komme med innspel. Derfor arrangerer vi tre planverkstader som er opne for alle. 

Vi vil oppfordre innbyggarar og næringsliv til å ta del i verkstadane, sjølv om de ikkje eig areal de vil endre. Areal har ein samfunnsverdi, og endra arealbruk har konsekvensar for fleire enn dei som eig dei.

Kvar og når?


Gloppefjorden - tysdag 17. april – 16:30 – 18:30 i Trivselshagen kulturhus *

 

*Gratis middag og aktivitetar for barn - Nb! Avlyst pga lite påmelding.

 

 

Les også: Ny arealplan - bli med på verkstad - du kan påverke!