Oppmoding til å hjelpe bønder som har avlingssvikt

Oppmoding til eigarar av areal som berre blir beitepussa/plenklyppa og ikkje hausta: Vi bed om at de kan la bønder som treng fôr få sleppe til og få slå det! Ta sjølv kontakt med bønder i ditt nærområde!

Vi oppmodar også bøndene om å gjødsle opp til ein tredjeslått og hauste det som er mogleg for å få nok fôr sjølv, og ev. kunne hjelpe andre som ikkje har nok fôr.

Det er viktig at alle skaffar seg ei oversikt over mengde fôr og kvaliteten på dette, slik at ein veit kva ein har utover vinteren, og om ein har noko å dele.

Sjå kva Norsk Landbruksrådgjeving skriv.

Og denne informasjonen frå Tine.

På Nrk Sogn og Fjordane kan du lese denne artikkelen.

Slåttearbeid - Klikk for stort bilete