Nye reglar for bruk av fysioterapeut frå 1. januar 2018

Stortingsmelding 26 (2014-2015) «Framtidas primærhelseteneste» har ført til endringar for alle som treng fysikalsk behandling i primærhelsetenesta

Bortfall av krav til tilvising frå lege 

Det er ikkje lenger naudsynt å ha tilvising frå lege for å ha rett til stønad til behandling hjå fysioterapeut. Frå 1.1 2018 kan pasienten sjølv ta direkte kontakt med fysioterapeut og be om vurdering av fysioterapeut.

Fysioterapi du treng ikkje lenger henvising frå lege 1 - Klikk for stort bilete

Sjukdomslista er avvikla - Eigenandelstak 2

Det var tidlegare ei sjukdomsliste med mange diagnosar som gav rett til fri behandling hos fysioterapeut, denne vart avvikla 01.01.2017. Alle som treng fysikalsk behandling, uavhengig av diagnose, må no betale likt for behandling inntil dei har nådd taket for eigenandel 2 ( kr 1990,-). Dette gjeld både dei som går med kommunal fysioterapeut og hjå privat fysioterapeut med driftstilskot frå kommunen

Innmelding av eigenandel er automatisert slik at pasienten slepp å melde inn betalt eigenandel. Frikort kjem i posten når øvre grense for betaling er nådd.

Fritak frå eigenandel

Det er fritak frå eigenandel for barn under 16 år, personar med godkjent yrkesskade og for pasientar som er på institusjon.

Eigenandel for fysikalsk behandling hos kommunal fysioterapeut 

Frå 1. januar 2017 har det i Gloppen kommune vore same eigenbetaling for behandling hos kommunal fysioterapeut som for behandling på fysikalske institutt.

Har du spørsmål om ordninga ta gjerne kontakt med Gloppen kommune på tlf. 57 88 38 00 eller e-post: post@gloppen.kommune.no

Fysioterapi - Klikk for stort bilete