Nærkontakt er smitta

20. november 2020

Ei kjent nærkontakt til ein smitta person, har testa positivt på korona. Vedkomande har vore i karantene, utan kontakt med andre, sidan søndag. Og sidan det ikkje er andre nærkontakter til dette smittetilfellet, er ytterlegare smittefare veldig liten og situasjonen er oversiktelg og under kontroll. Dette smittetilfellet har indirekte tilknyting til smitten i Stad. 

Kvart nytt tilfelle er ei stadig påminning kor viktig det er at vi kvar enkelt held fram med smittevern i kvardagen, med god handhygiene og held avstand. Den viktigaste smittevernberedskapen skjer i heimen og hjå kvar enkelt.