Motorsagkurs 24. og 25. juni

Kurs i stell og bruk av motorsag den 24. og 25. juni.

Påmelding

Meld deg på til Gloppen kommune ved Anne Berit Hauge, på telefon 97991049, eller på epost anne.berit.hauge@gloppen.kommune.no

Meir informasjon

Kurset går over to dagar, totalt 15- timar, og består av ein praktisk del (24. juni) og ein teoretisk del (25. juni). Kurset oppfyller krava til dokumentert opplæring i bruk av motorsag. Instruktør vert Arnt Laukeland. 

Ordinær kurspris er 1800 kr (kan dekkast av skogfond). Gloppen kommune dekker halve avgifta for ungdomar frå Gloppen.

Avhengig av kor mange som melder seg på vil vi etter kvart ta stilling til kvar kurset skal haldast. Dette informerer vi om når kurset nærmar seg.

 

Motorsagskurs på Anda - Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete