Møteplass for kulturlivet i Gloppen

Det nærmar seg 7. november og ny "Møteplass for kulturlivet". Denne gangen vert møtet på Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen, frå klokka 19:30 til ca 21:30.

Hovudtema: "Eit kulturliv som tek samfunnsansvar - inkludering i vid forstand".

Møteplass for kulturlivet  kultur - Klikk for stort bilete

 

Hovudtema for denne møteplassen er: «Inkludering - i vid forstand»

* Kulturlivet er ein viktig samfunnsaktør, med ansvar og moglegheiter. Vert dei brukt? Er det noko vi kan gjere annleis? 

* Vi må sørgje for at alle som ønskjer det kan finne sin plass i kulturlivet. Kva må til?

* Korleis kan vi få til betre inkludering innad i kulturlivet - Samarbeid, synlegheit , dra lasset saman?

* Kan «Vinterfest» og «Kulturnatt» bli arenaer for samarbeid og inkludering, rekruttering og synleggjering?

 

Kvelden vert innleia av fem korte innlegg frå aktuelle aktørar med ulik ståstad:
Korleis tenkjer de om inkludering? Kva er mogleg å få til? Kva er utfordringane? 

Deretter vert det lagt til rette for samtale i mindre grupper og i plenum, og det vert kaffi/te og litt å bite i.

 
Kulturråd?
Eit anna tema vi ønskjer å ta opp til drøfting er om tida er inne for å etablere eit kulturråd? Kulturlivet i Gloppen er sterkt, men som alt anna vil det fort kome under press i ein stram kommuneøkonomi. Det er éin grunn, til at vi bør organisere oss. Er det andre grunnar - korleis kan vi gjere det?

Sett av kvelden dersom du synast at dette er viktige tema! Vi håper på minst like godt frammøte som sist!

Gloppen Opplæringssenter og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er særskilt invitert til denne samlinga.

Arbeidsgruppa for
Møteplass - Kulturlivet i Gloppen