Midt på treet med kommunale avgifter

Huseiernes landsforbund har offentleggjort lista over dei kommunale avgiftene i norske kommunar og 'kåra' den billigaste og den dyraste kommunen å bu i.

På lista over dei billigaste kommunane ligg Gloppen på 112. plass med 13.659 kroner i gebyr og eigedomsskatt. Snur vi lista og rangerer kommunane etter den dyraste, er vi på 311. plass.

Slike kåringar må takast med ei klype salt, meiner rådmannen. Lista seier ingen ting om kvaliteten på dei tenestene som blir betalte med gebyr. Godt vatn er ofte dyrare enn dårleg vatn og gode løysingar på avløp kostar meir enn dårlege. Dette får vi ikkje greie på i slike kåringar.

Sjå lista!