Lindis Vinje Bergland blir ny utmarksforvaltar i Gloppen

Lindis Vinje Bergland frå Førde tar over jobben som utmarksforvaltar i Gloppen etter Peter Andresen som har gjort nordlending av seg.

Lindis Vinje Bergland er 34 år gammal og kjem frå stillinga som rådgjevar i Joint Nature Conservation Committee. Vi kan seie at dette tilsvarar noko slikt som miljødirektoratet i England.

Ho tar til hos oss den 9. oktober i år. Det var til saman 16 søkjarar på stillinga.