Ledig stilling: Interkommunal stilling som psykolog

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som psykolog frå 01.03.2020.

Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stad, Stryn, Bremanger og Gloppen. Stillinga er organisert i eining for helse i Stad kommune. Kommunepsykologen skal arbeide systemretta, førebyggjande og ha særleg fokus på barn, unge og deira familiar. Psykologen vil kunne nytte kommunal bil til ambulant arbeid ute i dei aktuelle kommunane

Sjå fullstendig utlysing, og søk på stillinga her