Landsbysamling 2020

Fredag 7. februar blir det landsbysamling! 

Landsbyrådet inviterer til kunnskaps- og inspirasjonssamling  for å få idear og engasjement til korleis vi skal utvikle fjordlandsbyen Sandane framover.

Landsbysamlinga rettar seg mot lokalt næringsliv, kulturaktørar, utbyggjarar, butikkdrivarar, politikarar, kommuneadministrasjon, lag- og organisasjonar og engasjerte innbyggjarar.

Formålet er kollektiv kunnskapsbygging og engasjement for tettstadsutvikling. Utvikling av fjordlandsbyen må skje i eit samarbeid mellom privat, offentleg og frivillig, og denne landsbysamlinga skal vere ein møteplass der vi kan sjå på utfordringa og tiltak i lag.

Vi har fått inn spennande fordragsholdarar som skal lose oss gjennom tre ulike tema

1 - Offentleg og privat samarbeid for utvikling av sentrum.

Jan Willy Føreland, prosjektleiar WSP

Klikk for stort bilete

Jan Willy Føreland er prosjektleiar i WSP, med kontorstad i Kristiansand. Han har eit brennande engasjement for samhandling om sentrumsutvikling, og har lang erfaring i å jobbe med denne tematikken som prosjektleiar. Kva slags kvalitetar må vi vektlegge i sentrum for at dei unge skal flytte til? Føreland vil dele kunnskap og erfaring frå sine mange prosjekt. Han er også tydeleg på kven som må ta ansvar for kva for å få til utvikling!  

På heimebane i Kristiansand vert Jan Willy Føreland samanlikna med kong Kristain IV – byen sin grunnleggar. Mange prosjekt er blitt realisert i Kristiansand dei siste 15 åra takka vere denne mannen som ikkje heng seg opp i problem, men heile tida ser etter realistiske løysingar. Det kan du lese meir om i denne artikkelen. 

Jan Willy deltok på  ei stor plansamling i regi av Fylkeskommunen i Sogndal hausten 2019, med eit engasjerande foredrag. No kjem han tilbake til fylket, og denne gongen til Sandane for å inspirere glopparane til samhandling.

 

2 - Korleis ser vårt framtidige sentrum ut? 

Pål Egeland, Adm. dir i Folksom 

Klikk for stort bilete

 

 

Pål Egeland er administrerande direktør i Folksom som er eit utviklingsselskap i Osloregionen. På heimesida kan vi lese om Folksom:  "Vi har tro på verdiskapning gjennom godt vertskap, lokal tilstedeværelse, kunnskap, kreativitet og god forretningssans. Vi liker ekstra godt eiendommer, områder, nabolag og gateløp som ikke fungerer og mangler puls. Det trigger oss til å tenke annerledes!"

Pål Egeland jobbar med bydelsprosjekt utifrå ein «landsbytankegang». Kvar finn vi hjerte i landsbyen? Og korleis byggjer vi og utvikler vi rundt det? For å investere i og etablere nye pulserande bydelar, trengst det kunnskap om utviklingstrendar og handelsstruktur. Det gledar vi oss til å høyre meir om!

 

 

3 - Saman skapar vi eit levande sentrum.

Svein Sørnes, dagleg leiar for landsbyforeningen i Randaberg

Klikk for stort bilete

Svein Sørnes er landsbygeneral i «den grønne landsbyen» Randaberg. Han er dagleg leiar i landsbyforeninga, og engasjert av lokalt næringsliv og kommunen for å jobbe med utvikling av landsbyen Randaberg. Visjonen til Randaberg er «Saman skaper vi den grønne landsbyen».

Svein Sørnes vil bidra med gode eksempel på korleis dei har jobba med sentrumsutvikling. I Randaberg har dei Landsbyhuset med torget utanfor, kor dei ønskjer å vidareutvikle Bondes marknad. Her er det mange spennande likheitstrekk til fjordlandsbyen Sandane. Dette blir interessant å høyre meir om under landsbysamlinga i februar. 
 

 

 

Sjå detaljert program her (PDF, 2 MB)

Påmelding

Vi treng påmelding for å holde oversikt over antal deltakarar. Samlinga kostar 400 kr pr person, dette går til å dekke mat under samlinga. Frist for påmelding er 30. januar 2020

Meld deg på her

Vi håpar vi ser deg på Landsbysamling!