Landsbylaurdagar ein gong i månaden gjennom heile 2019

Kva er det no dei har sett i gang der inne på kommunehuset?

Ja, det er det nok fleire som lurar på. Kommunestyret vedtok før jul å etablere eit   landsbyråd   som skal vere med å skape aktivitetar og møteplasser i fjordlandsbyen Sandane. 

Eit av tiltaka landsbyrådet no set i gang er landsbylaurdagar i kommunesenteret ein gong i månaden, med ulike aktivitet mellom kl 12 – 14 og aktivitetane prøvar vi å samle på/rundt heradsplassen

Klikk for stort bilete
Tiltaket skal vere lavterskel, med mål om å få til litt aktivitet i sentrum desse laurdagane. Det kan vere korsong, dans, opptredener, aktivitetstilbod frå ulike grupper, mindre verkstader for born osv. Det blir på ingen måte «Sandane-dagane» 12 gonger i året!

Vi inviterer alle kulturaktørar, lag og organisasjonar, næringsliv om å ta kontakt for å bli med på ein landsbylaurdag! Dette er ein fin måte å bidra til fellesskapet, og vi er alle tent med å ha eit levande og triveleg sentrum der alle innbyggjarane føler seg velkomen! 

Så har du ein god ide eller ønskjer de å delta – så hører vi gjerne frå deg!

Ta kontakt med Birte Fossheim på kommunen som koordinerer arrangementa på mob 92 47 72 48 eller epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no.

Oversikt over dei planlagde laurdagane framover: 

9. februar    Kjærleikslaurdag -  Vi bryr oss og tør vise det!
16. mars    Vinterleik og «Øse-fære»  
13. april    Påskeverkstad og sykkel-vårpuss
25. mai    Båt og snekkarlaurdag -  lage flytebrygge og sjøsette
15. juni    Musikk-laurdag—musikken i sentrum 
13. juli    Country-laurdag  - iihaa
15-18. august    Landsbyfest og Sandanedagane
7. september    Musikkfest og politikk
28. september    Matamål og mat i fokus
5. oktober    Fellesskaps-laurdag! Vis deg fram!
9. november    Kulturlaurdag og novembernatt
30. november    Julelaurdag