Landsbylaurdag med øse-fære - 16. mars kl 12-14

Vi er klar for ein ny Landsbylaurdag på heradsplassen! 
Denne gongen vert det øse-fære i sentrum med ulike aktiviteter som alle kan vere med på.

Om du er i sentrum mellom kl 12 og 14 så får du med deg moroa.

Klikk for stort bilete

 

Kva med å teste hoppbakke utan snø? Skikrinsen har lånt oss denne hoppbakken, og vi utfordrar både born og ungdom til å prøve seg.

STIL knøttefotball stiller med 3’ar bane i fotball! Lag med tre personar, påmelding der og då. Vi håpar på ivrige spelarar i alle aldrar, ein engasjert heiagjeng og god stemning!

Vi testar grenser i slengtau. Kor mange kan hoppe samtidig?

Hinderløype på sykkel for dei yngste. Test deg sjølv om du klarer å sykle over vippeplanken og mellom kjegler. Du stiller med sykkel og hjelm! Grilling av marshmallow på bålpanne i premie.

Så blir det loppemarknad denne landsbylaurdagen! Lopperiet (Stiftinga Kyrkjelydsarbeid i Gloppen) har funne fram påskepynt og andre varer som blir å få kjøpt.

I 2. etasje på Coop Extra blir det laurdagskafè - Bukta 4H inviterer, og byr på kaker og bollar!

Dette er nokon av aktivitetane denne landsbylaurdagen. Enno kan det kome fleire artige suppleringar. Gå ikkje glipp av øse-fære laurdagen 16. mars!

Vi håpar å sjå deg på heradsplassen mellom kl 12 og 14!