Kva stadtilhøyrigheit har glopparane?

Vi glopparar er blitt spurt om å delta i ei spørjeundersøking om stadtilhøyringheit. Kva er det som gjer at vi har flytta til, eller trivast å bu i vår kommune?

Klikk på linken her, og delta i undersøkinga

Undersøkinga er ein del av ein masterstudent sitt arbeid med å sjå på stadtilhøyrigheit i Sogn og Fjordane. Korleis opplever innbyggjarane staden dei bur på, og kva grad dei har tilhøyrigheit til staden og regionen. 

Vi håpar mange i Gloppen vil bruke nokre minutt og svare på undersøkinga innan 31. desember. Det er flott å vere ein av kommunane som er blitt spurt om å delta i undersøkinga. Gloppen kommunen ser også nytte av resultata i studien inn mot arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt. Undersøkinga er anonym.  

Klikk for stort bileteHolvikfossen med utsiktsrampe. Trivselsskogen Ronny Solheim